Chatgaiya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chatgaiya
(চাটগাঁইয়া বুলি chaţgãia buli)
Klassifisering: Indoeuropeisk
 Indo-iransk
  Indo-arisk
   Austleg
    Bengali–assamesisk
Bruk
Tala i: Bangladesh, India, Burma
Chatgaiyatalande i alt: 13 millionar
Språkkodar
ISO 639-3: ctg

Chatgaiya eller chittagongspråk (bengalsk skrift চাটগাঁইয়া বুলি, uttalt chaţgãia buli) er eit indoarisk språk som blir snakka snakka søraust i Bangladesh, i områda rundt hamnebyen Chittagong. Det har rundt 36 millionar talarar. Språket er nært i slekt med bengali, men språka er ikkje gjensidig forståelege. Det burmesiske språket rohingya liknar mykje på sørlege dialektar av chatgaiya. Chakma som blir tala i Chittagong-området og i tilstøytande delar av India er også nært i slekt.

Chatgaiya har inga standardform og blir ikkje brukt i undervising. Fleire chatgayatalande er analfabetar enn resten av Bangladesh. Utdanna talarar lærer som regel å lesa og skriva bengali. Chatgaiya blir derfor ofte sett på som ein uutdanna eller mindreverdig dialekt av bengali. Språket blir likevel verdsett i tradisjonelle songar som «Fan chhoddo chhoddo dheu tuli, Lusai paharattun namiyere jargui Karnafully» ('I små små bølger glir Karnafuli ned frå Lusai-åsane') eller «Hasti Durai jargui damal maliniro mahale» ('På ein elefant skunder helten seg mot kammeret til den han elskar').

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Chittagonian. Opptak på chatgaya (bibelforteljing) ved globalrecordings.net

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Chittagonian ved ethnologue.com
  • Mohit ul Alam, «Of Chittagong Dialect» Daily Star (June 6, 2002). Opphavleg www.dailystarnews.com/200206/06/n2060607.htm#BODY4, arkivert versjon
  • «chakma» (02.01.2013) i Store norske leksikon
Spire Denne språkartikkelen som har med Bangladesh å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.