Chathampetrell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chathampetrell
Chathampetrell
Chathampetrell
Status
Status i verda: VU Sårbar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Pterodroma
Art: Chathampetrell P. axillaris
Vitskapleg namn
Pterodroma axillaris

Chathampetrell (Pterodroma axillaris) er ein sjøfugl i stormfuglfamilien, ein mellomstor, grå, kvit og svart Pterodroma-petrell. Han er endemisk for Chathamøyane, New Zealand, og inntil nyleg var hekking avgrensa til den 218 hektar store øya South East Island/Rangatira.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Gjennomsnittleg kroppslengd på chathampetrellar er 30 centimeter og dei veg ca. gram.[1] Hovudet, ryggen og oversida av vengene er skifergråe, medan skuldrene og øvre vengdekkarane har ei djupare gråfarge som gjev eit mørkt M-mønster spreidd over vengene, synleg i flukt. Panna er spraglete grå og kvit, og undersida av kroppen er kvit. Undersida av vengene er kvite, men med mørke vengetuppar, ein smal mørk bakkant langs heile vengen og eit svart diagonalt band frå vengeknoken innover mot kroppssida. Her skil han seg frå gråkragepetrell med at sistnemnde har eit mykje smalare band som ikkje strekkjer seg heilt inntil kroppen.

I hekketida beitar chathampetrellane i havet aust og sør for Chathamøyane, og dei trekker nordover til Stillehavet når dei ikkje hekkar. Forsøk med sporingsutstyr i 2009/2010 har vist at dei trekker til havområda 1000 til 1500 kilometer vest for Chile og Peru.[2]

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Chathampetrellar hekkar i opp til 2 meter djupe hòler i bakken i skogkledde område. Dei er generelt trufaste mot reirhòla over tid. Blada frå trea blir brukte som reirmaterialar. Kvart par legg eit enkelt kvitt egg i perioden slutten av desember til februar, og ungane blir flygedyktige i mai-juni. Unge fuglar kjem tilbake for å hekke tidlegast etter to år og dei har ein forventa levealder på ca. 20 år.[1]

Status og truslar[endre | endre wikiteksten]

Arten har status som sterkt truga, bestanden er estimert til ca. 1 400 individ (2010), og er trudd å vere aukande.[2] Før menneske kom med introduserte predatorar som rotter og kattar, og avskoging sette i verk med tap av habitat, så var denne arten utbreidd over heile øygruppa Chathamøyane. Fram til vernetiltaka starta var arten blitt avgrensa til øya Rangatira, der han hekkar i hòler i konkurranse med anslagsvis 330 000 par breinebbkvalfuglar, Pachyptila vittata, som hekkar på same øya.

Vernetiltak[endre | endre wikiteksten]

Verneinnsatsen for chathampetrellane starta på slutten av 1980-talet, først la ein vekt på å lokalisere hekkeplassar og reirhòler og å finne årsaka til svikta i hekkeresultata. Då ein fann at årsaka til dei fleste mislukka hekkefreistandene var konkurransen frå breinebbkvalfuglar, skifta merksemda til vern av hòler og ungar frå uroingar frå kvalfuglar. Hòlene blir verna ved å installere eit kunstig overbygg av plast eller tre for å verne dei mot kollaps, og vidare verna mot kvalfuglar ved montering av ein gummiklaff over hòleinngangen. Hòlene blir òg blokkerte når det ikkje er hekketid for å sikre at dei ikkje blir tatt av kvalfuglar når petrellane har fråvære om vinteren. Resultatet etter hekkesesongen 2005/06 for dei 155 kjende hekkande para på Rangatira var flygedyktig unge frå 83 % av reira.

Overføringa av 200 ungar til eit predatorsikkert inngjerda område på den nærliggande Pitt Island/Rangiauria over dei fire åra 2002 til 2005 har gjeve retur av ei lita mengd fuglar til området og den første vellukka hekkinga skjedde i 2005/2006 sesongen og fire hekkande par sesongen etter. Eit nytt program med overføringa av totalt 200 ungar til sørkysten av Chatham Island gjennom fire år starta i april 2008 med flytting av dei første 47 ungar. Første hekkinga på Chatham Island blei registrert i 2012.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Heather og Robertson, 2005
  2. 2,0 2,1 2,2 BirdLife International, 2013

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Chathampetrell