Chatoyans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tigerauge
Tigerauge

Chatoyans eller kattaugeskimmer er eit lysfenomen som ein kan sjå i einskilde smykkesteinar. Det minnar om den lysande streken i eit kattauge: kattaugeeffekt. Det opptrer i gjennomskinelege steinar med små parallelle fibrar eller kanalar. Lyseffekten kjem særleg fram på rundslipt og polert overflate (cabochon), og kan spesielt sjåast i krysoberyll, men er òg velkjent hos falkauge og tigerauge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Chatoyans». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 14. februar 2014.