Chavín

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utbreiinga av Chavín og påverkingsområda til kulturen.

Chavín er den eldste «høgkulturen» ein kjenner i Andesområdet. Han er datert til perioden 1000-300 år f.Kr., det vil seie i «tidleg horisont». Kulturen har fått namn etter Chavín de Huantar, der ein har gjort rike funn frå denne kulturen. Chavín de Huantar, som ligg nord for Lima og i dag er rekna som verdsarv av UNESCO, var senter og kultstad for chavínkulturen.

Steinhovud frå chavínkulturen.

Kulturen utvikla sin eigen kjennelege stil i handverk. Påverknaden har rekt langt og stilen er kjent frå mange arkeologiske funn i Peru. Funngjenstandar omfattar tekstilarbeid, metallarbeid, keramikk og religiøse gjenstandar.

Utviklinga av to nye byar, Nazca i sør og Mochica (Moche) i nord, førte etter kvart til at chavínkulturen mista styrke og forsvann.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Chavín