Chawton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chawton
landsby
none
Land Flag of England.svg England
Region South East England
Fylke Hampshire
Distrikt East Hampshire

Chawton er ein landsby i East Hampshire-distriktet i Hampshire i England. Landsbyen ligg innanfor nasjonalparken South Downs .[1] Han er kjend som heimen til forfattaren Jane Austen dei siste åtte åra ho levde.

Chawton hade eit folketal på 380 i 2000. Det er del av folketeljingsområdet Downland, som har 2 149 innbygjarar.[2]

Chawton er nemnd i Domesday Book frå 1086. På 1200-talet fanst det eit herskapshus her som tilhøyrde John St John, ein nær undersått av Edvard I. Henry III vitja huset meir enn førti gonger. På 1500-talet bygde John Knight det noverande herskapshuset, Chawton House, som seinare blei påbygd og landskapet rundt endra av etterfølgjarane hans.[3] På 1700-talet arva Jane Austen sin bror, Edward Austen Knight, eigedommen etter å ha blitt adoptert av Knight-familien.I 1809 flytta Jane Austen, mora og systera inn i eit lite hus i landsbyen.

Landsbyen har ei kyrkje, St Nicholas-kyrkja, som blei utforma av Arthur Blomfield.[4]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Chawton

Kjelder[endre | endre wikiteksten]