Che Guevara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ernesto «Che» Guevara i eit bilete som har gått verda rundt.

Ernesto Guevara de la Serna (14. juni 19289. oktober 1967) var ein argentinsk lege, marxistisk revolusjonær og geriljaleiarCuba., kjend som Che Guevara.

I studietida var Che Guevara lite politisk aktiv, men var likevel med på studentdemonstrasjonar mot president Juan Perón. I 1951 og medan han enno studerte medisin, reiste den 23-årige Guevara og den 29-årige kameraten hans, Alberto Granado, gjennom delar av Sør-Amerika. Reisa tok fleire månadar og mykje taler for at revolusjonshelten «El Che» begynte å ta form på nettopp denne reisa. Ho førte middelklasseguten Guevara i direkte kontakt med armoda, utbyttinga og undertrykkinga som det store fleirtalet av befolkninga – landarbeidarar, urfolk, arbeidarar og fattigbønder – blei utsette for, og som framleis pregar fleire land i Latin-Amerika.

Det han opplevde på turen overtydde han om at berre ei revolusjonær omvelting kunne fjerne dei økonomiske ulikskapane og skape sosial rettferd. Med denne overtydinga starta han med å lese marxistisk litteratur og engasjere seg i revolusjonen i Guatemala under president Jacobo Arbenz Guzmán.

Seinare blei han medlem av 26. juli-rørsla til Fidel Castro. Castro kom til makta på Cuba i 1959. Etter å ha fungert som industriminister og sjef for nasjonalbanken, og etter å ha skrive fleire artiklar om geriljakrigføring, reiste han frå Cuba i 1965. Han ønskte å vere med i revolusjonar i andre delar av verda der økonomisk utbytting og sosial urettferd dominerte. Ferda gjekk først til Kongo-Kinshasa (seinare Den demokratiske republikken Kongo) og deretter til Bolivia der han blei tatt til fange i ein CIA-leia operasjon saman med den bolivianske hæren.

Medan Che Guevara sat i fangenskap i landsbyen La Higuera i Bolivia, blei han myrda den 9. oktober 1967 av ein boliviansk offiser. Årsaka var at CIA og bolivianske styresmakter ikkje ønskte ei offentleg rettssak og fengsling av Guevara i Bolivia. Dei frykta det kunne auke oppslutninga om dei revolusjonære ideane som han stod for. Men mordet på Che Guevara førte til at han blei eit førebilete for revolusjonære over heile verda.

Familie og oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Ernesto «Che» Guevara fotografert av faren i 1951.
Sjå òg Tidsline for Che Guevara sitt liv.

Ernesto Guevara de la Serna blei fødd i Rosario i Argentina. Han var den eldste av fem sysken i ein familie av spansk, baskisk og irsk opphav. Fødselsattesten viser at han blei fødd 14. juni 1928, men somme meiner at rette fødselsdatoen er 14. mai 1928 og at fødselsattesten blei forfalska for ikkje å avsløre at mora hadde vore gravid i tre månader før bryllaupet (Anderson, 1997).

Guevara sine foreldre var politisk venstreorienterte, og onkelen Jorge Iturburru var kommunist og hadde kjempa mot fascismen i den spanske borgarkrigen. Allereie som ungdom gav Guevara uttrykk for radikale haldningar. Til tross for astmaen som plaga han heile livet og som òg gjorde at han blei erklært udyktig for militærteneste, var han ein røff rugbyspelar i ungdomsåra og fekk tilnamnet «Fuser» for sin aggressive spelestil. «Fuser» er ei kopling mellom «El Furibundo» (Den Rasande) og etternamnet åt mora, «De la Serna».

Faren lærte Guevara å spele sjakk og frå tolvårsalderen deltok han i fleire lokale turneringar. I tenåra blei han òg interessert i poesi, især i dikta til den chilenske poeten Pablo Neruda. Som det var vanleg for folk i Latin-Amerika med Guevara sin mellomklassebakgrunn, skreiv han også dikt gjennom heile livet. I tillegg var han ein entusiastisk lesehest med interesser som strekte seg frå dei lettare bøkene til forfattarar som Jack London og Jules Verne til essays av Sigmund Freud og filosofi av Bertrand Russell. Han utvikla òg interesse for fotografi og brukte mange timar på å fotografere folk og stader.

I 1948 begynte Guevara på medisinstudiar ved Universitetet i Buenos Aires. Etter nokre avbrot fullførde han studiane i mars 1953, men han tok aldri den kliniske praksisen som var kravet for å kunne praktisere som lege. I 1951 foreslo vennen og biokjemikaren Alberto Granado (29 år) at han og Guevara (23 år) skulle verkeleggjere reisa rundt i Sør-Amerika som dei hadde snakka om i mange år. Guevara lét seg ikkje be to gonger. Han og Alberto starta reisa frå heimbyen Alta Gracia på ein gammal Norton 500 kubikk motorsykkel med tilnamnet La Poderosa II (Den Mektige II). Målet for reisa var San Pablo Lepra-sjukehus ved Amazonaselva i Peru. Der ville dei arbeide nokre veker som frivillige medhjelparar. Reisa gjekk gjennom Argentina, Chile, Peru, Colombia og Venezuela. Che skreiv om reisa i Motorsykkeldagbøkene som blei omsett til norsk i 1995, og som i 2004 var utgangspunkt for innspelinga av ein film med same namn.

På motorsykkelturen fekk Che førstehandskunnskap til fattigdommen, maktesløysa og utbyttinga som det store fleirtalet av folkesetnaden blei utsett for av rikfolk og nordamerikanske konsern. Særleg gjekk det hardt ut over urfolketindianarane – samt småbønder og venstreradikale arbeidarar. Desse opplevingane sette Che i samanheng med det han hadde lese av marxistisk litteratur, og han konkluderte med at ein revolusjon var det einaste som kunne fjerne økonomisk og sosiale urett i Latin-Amerika.

Reisa lærde òg Guevara å sjå på Latin-Amerika som ein einskap og ikkje som ei samling av separate nasjonar. Å frigjere Latin-Amerika frå den økonomiske og sosiale uretten, ville derfor krevje ein strategi som femna om heile kontinentet. Dette var òg grunnen til at han begynte å sjå for seg eit sameint Ibero-Amerika utan grenser og knytt saman av ein mestis-kultur, ein idé som seinare kom til å stå sentralt i den revolusjonære tenkinga og praksisen hans. Etter at han hadde vendt tilbake til Argentina frå motorsykkelturen, fullførde han medisinstudiane så fort han kunne. Han ville snarast mogleg besøke fleire land i Sør- og Mellom-Amerika.

Guatemala[endre | endre wikiteksten]

Etter at Guevara var ferdig med studiane ved Universitetet i Buenos Aires i 1953, reiste han gjennom Bolivia, Peru, Ecuador, Panama, Costa Rica, Nicaragua, Honduras og El Salvador, og enda til slutt opp i Guatemala. Jacobo Arbenz Guzmán var då president i landet. Han leidde ei folkevalt regjering som freista å redusere den økonomiske uretten i landet ved å gjennomføre ei jordreform. Jordreforma gjekk ut på å dele ut ikkje-dyrka jord til fattige og jordlause. Arbenz gav sjølv 680 hektar av familien sin eigedom til jordreforma. Like villig var ikkje Guatemalas største jordeigar, USA-selskapet United Fruit Company. Dei kjente seg sterkt truga av jordreforma, og var derfor aktiv for å få styresmakta i USA – og dermed også CIA – til å motarbeide Arbenz.

På denne tida fekk Guevara sitt berømte tilnamn «Che» fordi han ofte nytta det argentinske ordet Che (slang for «hei, kompis»). Den peruanske sosialisten Hilda Gadea var Guevara sin hovudkontakt i Guatemala og introduserte han for fleire toppolitikarar i Arbenz-regjeringa. I Guatemala kom Guevara også i kontakt med cubanske flyktningar som hadde sterke band til Fidel Castro. Blant flyktningane var Antonio «Ñico» López som seinare introduserte Guevara for Castro i Mexico. López blei drepen av den cubanske diktatoren Fulgencio Batista sine soldatar i 1956 etter at Granma kom til Cuba med Fidel Castro og 81 andre revolusjonære (sjå Granma.cu), mellom anna også Che Guevara og Ñico López om bord.

Den 15. mai 1954 la det svenske skipet Alfhem til kai i Guatemala. Skipet var lasta med handvåpen og lett artilleri som Arbenz-regjeringa hadde kjøpt av det kommunistiske Tsjekkoslovakia. CIA meinte det dreidde seg om 2000 tonn våpen og ammunisjon medan andre hevdar at det dreidde seg om berre 2 tonn (Anderson, 1997). USA meinte at våpensendinga prova at Arbenz var ein kommande alliert av Sovjetunionen. Arbenz på sin side forsvarte seg med at ingen andre enn Aust-Europa – truleg etter press frå USA – ønskte å selje våpen til Guatemala. Våpenkjøpet i Tsjekkoslovakia gav likevel USA det påskotet dei trong for å setje i verk eit kupp.

Medan Che Guevara var i El Salvador for å få eit nytt visum braut kuppet ut. Og då han returnerte til Guatemala var det CIA-støtta kuppet i full utvikling under leiing av Carlos Castillo Armas (sjå US Dep) Guevara kjempa i fleire dagar med ei væpna gruppe leidd av den kommunistiske ungdomsorganisasjonen i Guatemala. Han blei likevel oppfordra til å handsame såra og ikkje delta direkte i kampane. Like etter oppfordra Arbenz-regjeringa sine utanlandske tilhengjarar om å forlate landet, og etter at Hilda var blitt arrestert, tok Guevara tilflukt i det argentinske konsulatet og kom seg deretter over til Mexico by kor han i ein periode arbeidet ved sjukehuset Hospital General.

Den 27. juni 1954 tvinga kuppmakarane Arbenz til å seie frå seg presidentembetet og sette inn den USA-vennlege Carlos Enrique Díaz som president. Arbenz flykta til Mexico og deretter til Sveits.

Gjennom reisene sine og besøk i ulike land i Sør- og Mellom-Amerika hadde Che Guevara tileigna seg mykje informasjon om USA-intervensjonar i Latin-Amerika. Det CIA-støtta kuppet i Guatemala og den formidable makta som dei amerikanske storselskapa utøvde i Guatemala og i resten av regionen, styrkte derfor berre Guevara sitt syn på USA som ein imperialistisk stat som kjempa mot alle freistnadar på fjerne økonomisk utbytting og sosial urett. I sin tur medverka dette til å styrke overtydinga hans om at revolusjonar og innføring av sosialisme var einaste løysing.

Cuba under revolusjonen[endre | endre wikiteksten]

Medan Guevaras var i Mexico by levde også Fidel Castro i eksil der. Det var deira felles venn Antonio Ñico López frå Guateamala som førde dei saman. Like etter slutta Che Guevara seg til Castro si 26. juli-rørsle som tok sikte på å styrte den cubanske diktatoren Fulgencio Batista. Sjølv om meininga var at Guevara skulle vere lege for dei revolusjonære, deltok han i den militære treninga i Mexico saman med dei andre i 26. juli-rørsla. Oberst Alberto Bayo, ein cubanar som hadde kjempa i frigjeringskrigen mot Spania og som var dei revolusjonære sin instruktør, omtalte gjerne Guevara som den beste i gruppa trass i astmalidinga hans. I mellomtida var Hilda Gadea frigjeven i Guatemala og møtte Guevara i Mexico. Sommaren 1955 blei hun gravid og Guevara foreslo at dei burde gifte seg. Bryllaupet fann stad 18. august 1955 og dottera fekk namnet Hilda Beatríz.

Che Guevara etter kampane om Santa Clara

Den 25. november 1956 la båten Granma ut frå Tuxpan, Veracruz i Mexico, med Che Guevara som einaste ikkje-cubanarar om bord. Det var planlagt at Granma skulle komme til Cuba samstundes med at leiaren for 26. juli-rørsla i Oriente-regionen, Frank Pais, organiserte eit opprør i Santiago de Cuba, fastsett den 30. november 1956. Dårleg vêr og dårleg sjømannskap hos dei revolusjonære, gjorde at Granma blei hefta. Dermed blei også opprøret åt Frank Pais i Santiago raskt slått tilbake av politiet som dreiv País sine unge studentrevolusjonære på flukt.

Først 2. desember 1956 kom Granma til eit sumpområde i provinsen Oriente (i dag omdøypt til Granma) og mange mil sør om den planlagte landingsstaden, landsbyen Niguero, kor Celia Sánchez venta på dei med lastebilar, jeepar, våpen og ein styrke på vel 50 mann (sjå kart [3]). Tre dagar etter landkjenninga blei dei revolusjonære frå Granma åtaka av Batista sine troppar ved Alegria dei Pio. Vel halvparten blei drepne eller skotne då dei forsøkte å overgje seg. Til slutt var den revolusjonære styrken redusert til vel 20 personar som trekte seg tilbake til fjella i Sierra Maestra for å omgruppere, få kontakt med troppen til Celia Sánchez og å føre geriljakrig mot Batista-regimet. Che Guevara skreiv om kampane ved Alegria dei Pio i dagboka si [4].

Av dei 82 som hadde vore om bord på Granma var det berre 12 som nådde fram til Sierra Maestra. Desse var Fidel Castro, Raúl Castro, Che Guevara (skadd og blødande), Camilo Cienfuegos, Juan Almeida, Efigenio Amejeiras, Ciro Redondo, Julio Díaz, Calixto García, Luis Crespo, Jose Ponce og Universo Sanchez. (Sjå Landing of Granma.) «Vi skal vinne denne krigen,» skal Fidel Castro ha sagt til dei, «vi er berre så vidt komne i gang.»

Che Guevara blei raskt ein av leiarane, ein comandante, respektert for motet sitt og frykta for det enkelte har skildra som brutalitet. Han var ansvarleg for avrettinga av mange menneske som blei funne skyldige som torturistar, spionar, desertørar eller for å lekkje informasjon om til Batista sine troppar. Fidel Castro kravde likevel at dei revolusjonære alltid skulle hjelpe skadde Batista-soldatar, sivile og bønder som ikkje samarbeidet med fienden, og handsame dei så humant som mogleg. Resultatet blei at geriljaen fekk eit betre ry enn dei brutale regjeringstroppane og sympatien for dei voks i folkesetnaden og blant Batista sine eigne soldatar. Dette medverka til at stadig fleire rekruttar dukka opp og ville slutte seg til Castro sine «skjeggete menn» i Sierra Maestra. I motsetnad til Batista tok ikkje Castro krigsfangar. Når fangar blei tekne, lét han dei gå fri, men heldt att våpna deira. Etter litt nekta også fleire soldatar å vende tilbake til sine «eigne» når dei blei sleppte laus, og slutta seg heller til Castro sin vaksande geriljahær.

Che Guevara førte også tingingar med det cubanske kommunistpartiet (Partido Sosialista Popular) og rivaliserande geriljagrupper som for eksempel «Det Revolusjonære Direktorat» (El Directorio Revolucionario), og fekk dei til å slutte opp om 26. juli-rørsla. Dette fekk utan tvil stor tyding for Fidel Castro sin leiande rolle etter at Batista fall. Det Revolusjonære Direktoratet var også vorten langt meir samarbeidsvillig med 26. juli-rørsla etter at leiaren deira, Jose Antonio Echeverría, var skoten og drepen av politiet i Havanna 13. mars 1957.

Under den cubanske revolusjonen leidde Guevara den såkalla «andre kolonnen» (eller meir presist: Den 2. Antonio Maceo-kolonnen) saman med comandante Camilo Cienfuegos. I juli 1958 nedkjempa Guevara sin tropp ein av Batista sine avdelingar i Sierra Maestra. I alt 86 Batista-soldatar blei drepne i kampane medan troppen åt Guevara berre mista tre mann. For Guevara var dette nok eit prov på at små og godt organiserte geriljatroppar kunne overvinne store og langt betre utstyrte hæravdelingar. For andre blei det kanskje nok ein gong eit bevis på Guevara sine evner som geriljakommandant.

I slutten av desember 1958 åtok Guevara-troppen Santa Clara, det regionale senteret i provinsen Las Villas, vel 30 mil søraust om Havanna, sjå kart [5]. Geriljaen spora av eit armert tog med forsyningar og troppar til Santa Clara medan Camilo Cienfuego sine geriljatroppar vann slaget om Yaguajay, aust om Santa Clara (sjå kart [6]). Slått på alle kantar, gjekk Batista-hæren i oppløysing og Havanna blei erobra 31. desember 1958 så godt som utan kamphandlingar. I staden blei dei revolusjonære og deira allierte mottekne av jublande folkemassar.

På Cuba ser ein erobringa av Santa Clara som ein av dei viktigaste hendingane i den cubanske revolusjonen. Grunnen er at Fulgencio Batista dagen etter, den 1. januar 1959, valde å flykte frå Cuba og enda til slutt opp i Spania, den gongen styrt av den høgreorienterte diktatoren Francisco Franco. Sett i eit større perspektiv taler likevel ein del for at erobringa av Santa Clara vert tillagt for stor vekt. Dei blodige kampane under geriljasoldatane sin motoffensiv i Sierra Maestra i 1957 og under heile Cauto-kampanjen som følgde, hadde nok større militær tyding for at Batista fall. Ikkje minst må det hatt stor vekt at fleire av Batista sine offiserar og soldatar deserterte eller gjekk inn i samarbeid med 26. juli-rørsla. Leiaren av hæren på Aust-Cuba var general Eulogio Cantillo. Han gjekk inn i ein separat fredsavtale med Fidel Castro i desember 1958 etter at Camilo Cienfuegos hadde tatt Yaguajay. Dette førte med seg ei enda større svekking av Batista sin militære kampstyrke. (Sjå CubaNow.)

Cuba etter revolusjonen[endre | endre wikiteksten]

7. februar 1959 blei Guevara utnemnt til «ein cubanar av fødsel» av den nye regjeringa med Fidel Castro i spissen. I same månad tok han ut skilsmisse med Hilda Gadea som han ikkje hadde møtt sidan han forlét Mexico i november 1956. Den 2. juni 1959 gifta han seg med eit cubanskfødt medlem av 26. juli-rørsla, Aleida March, og som han i praksis hadde levd saman med sidan hausten 1958.

Guevara blei omtrent samtidig utnemnt til direktør for fengselet «La Cabaña-fortet», og gjennom teneste i seks månader frå 2. januar til 12. juni 1959 overvar han rettssaker og avrettingar av toppleiarar i det tidlegare Batista-regimet, medlemmer av det hemmelege politiet BRAC (Buró de Represión de Actividades Comunistas - «Byrået for undertrykking av kommunistisk aktivitet»), torturistar og politiske motstandarar.

Den 7. oktober 1959 blei Guevara utnemnt til leiar i «Det Nasjonale Institutt for Jordreform», og 26. oktober 1959 til president i Den cubanske nasjonalbanken. Det verkar noko ironisk at Guevara – som berre hadde forakt for pengar og materielle gode – blei utnemnt til president i nasjonalbanken. Che Guevara viste då også ofte misnøye med utnemninga ved å signere pengesetlane med berre tilnamnet, Che. [7].

Capitolio i Havanna.
Foto: Michael Oswald

Seinare gjorde han teneste som industriminister (utnemnt 23. februar 1961) og det var i denne rolla at han gjorde mykje for å formulere innhaldet i den cubanske sosialismen. I boka «Guerrilla Warfare» tar han til orde for den cubanske modellen for revolusjon. I denne vert revolusjonen initiert av ei lita gruppe geriljakrigarar som ikkje er avhengig av større militære einingar. Denne strategien skulle seinare få katastrofalt resultat for Che Guevara i Bolivia.

I tida som sjef for Nasjonalbanken og industriminister fann han tilbake til sin gamle elskhug for sjakk, og han var tilstades og deltok i dei fleste nasjonale og internasjonale turneringar som blei haldne på Cuba. Han oppfordra unge cubanarar til å lære seg sjakk og organiserte forskjellige aktivitetar for å stimulere interessa hos dei unge. [8].

Det vert sagt at Guevara medverka til å organisere revolusjonær aktivitet i utlandet så tidleg som i 1959, først i Panama, seinare òg i Den dominikanske republikken. Leiarane for aktivitetane i Den dominikanske republikken var Henry Fuerte «El Argelino» og Enrique Jiménez Moya, og dette hende på den tida då ein av dei mest blodige diktatorane i Latin-Amerika, Rafael Leónidas Trujillo styrte landet.

I eit av desse revolusjonsforsøka omkom Camilo Cienfuegos sin rådgjevar, Ramón López (Nené). Somme meiner derfor at av folk som stod svært nær Camilo Cienfuegos må ha sett i gang eller støtta revolusjonsforsøka, og at Che Guevara nok spela ei meir tilbaketrekt rolle.

I 1960 lossa det franske skipet La Coubre ammunisjon i hamna i Havanna. Ein eksplosjon om bord i skipet skadde mange menneske. Guevara som var på veg til arbeidet i Nasjonalbanken då eksplosjonen skjedde kom til og gav førstehjelp. Like etter hende det ein ny og langt meir valdsam eksplosjon. I alt 75 menneske blei drepne og over 200 blei skadde. Det er uklart om eksplosjonane var eit uhell eller ein terroraksjon. Dei som hevder at eksplosjonane var ein terroraksjon, legg ansvaret på CIA og deira agent William Alexander Morgan. [9].

Grisebukta og Cuba-krisen[endre | endre wikiteksten]

Che Guevara deltok ikkje i kampen mot invasjonsstyrkane i Grisebukta (Bahia de Cochinos) 17. - 19. april 1961 (sjå kart [10]). Fidel Castro sende Guevara til Pinar del Rio, langt vest for Grisebukta. Der blei Guevara involvert i å stoppe ein mindre invasjonsstyrke som CIA håpte ville trekkje merksemda bort frå hovudinvasjonen i Grisebukta.

Invasjonen i Grisebukta nørte ytterlegare opp om Che Guevara sin forståing av USA som ein imperialistisk stat som ønsket å knuse alle forsøk på å skape økonomisk og sosial rettferd i Latin-Amerika. Derfor spela han òg ei nøkkelrolle for å få sovjetiske atomrakettar utplassert på Cuba, noko som i sin tur blei årsaka til rakettkrisa eller den såkalla Cuba-krisa i oktober 1962. Etter at krisa var over sa Guevara i et intervju med den engelske avisa Daily Worker, at om rakettane hadde vore under cubansk kontroll – og ikkje sovjetisk kontroll – ville dei ikkje nølt med å skyte dei mot amerikanske byar (Anderson 1997).

I artikkelen «Socialism and Man in Cuba» (1965) tar Guevara til orde for behovet for å skape et «nytt menneske» (hombre nuevo) i samanheng med det sosialistiske samfunnet. Dette nye mennesket var også noko han sjølv prøvde å leve opp til. Ikkje minst ved å delta i frivillig arbeid i bygg- og anleggssektoren og i landbruket, avvise alle personlege materielle gode og sette samfunnsmål framføre eigne personlege mål. Nokon oppfatta også Guevara som ein modell for det «nye og usjølviske menneske» medan andre igjen oppfatta han som ein drøymar. Følgjande sitat av Che Guevara kan kanskje tolkast i begge retningar:

  • «Om det blir sagt om oss at vi nesten er som romantikarar, at vi er ustyrlege idealistar, at vi tenker oss det umulege, så skal vi svare dei tusen og ein gonger at: Ja, det er vi!» [11]

Guevara si andre hovudmålsetjing var sosialistisk internasjonal solidaritet, og i 1964 og 1965 kom han med fleire sterke utfall mot Sovjetunionen som han mente mangla slik solidaritet. Dette vakte oppsikt så vel på Cuba som i utlandet, og mange meiner at nettopp kritikken av Sovjetunionen var ei årsak til at Guevara blei mindre synleg i cubansk politikk etter 1965.

Ei tredje målsetjing for Guevara var overgangen frå kapitalistisk til sosialistisk økonomi, og på dette feltet var han ein sterk talsmann for økonomisk planlegging og sentralisme. Økonomien måtte styrast og utviklast frå sentralt hald og ikkje overlatast til det han oppfatta som slumpehende i eit marknad.

I perioden 1961–65 blei Guevara rekna som den fremste diplomaten frå Cuba og han gjennomførte ei rekkje reiser til Asia, Afrika, land i Latin-Amerika, Sovjetunionen, USA og Kina. I desember 1964 drog han til New York som leiar av ein cubansk delegasjon og for å tale i FN [12]. Han deltok også i CBS Sunday News og møtte blant anna senator Eugene McCarthy, fleire medarbeidarar av Malcolm X og den canadiske radikalaren Michelle Duclos. Den 17. desember 1964 flaug han til Europa og starta ei tre månaders rundreise kor han besøkte Folkerepublikkjen Kina, Den Sameinte Arabiske Republikk (Egypt), Algerie, Ghana, Guinea, Mali, Dahomey (Benin), Kongo-Brazzaville og Tanzania, med stopp i Irland, Frankrike og Tsjekkoslovakia.

I Algerie den 24. februar 1965 gav han det som skulle bli hans siste offentlege tale på den internasjonale arenaen.

Effektar bruka av Che Guevara og Camilo Cienfuegos, Revolusjonsmuseet i Havanna, 2006.
Foto: Jan R
  • «Det finst ingen nasjonale grenser i denne kampen. Vi kan ikkje stille oss likegyldige til kva som skjer i andre delar av verda. Ein kvar siger som eit land har mot imperialismen, er også vår siger, på same måte som når eit land taper mot imperialismen, så er det også vårt tap.» Deretter vekte han oppsikt med følgjande utsegn: «Dei sosialistiske landa har eit moralsk ansvar for å fjerne sin stillteiande servilitet ovanfor utbyttinga som dei vestlege land står bak.» Han heldt fram med å oppgje ei rekkje målsetjingar som dei kommunistiske landa i aust burde sette seg for å avvikle det han mente var ein uakseptabel utanrikspolitikk. [13]

Che Guevara returnerte til Cuba 14. mars til ei høgtideleg mottaking med Fidel Castro, Raúl Castro, Osvaldo Dorticós, Carlos Rafael Rodríguez og andre ministrar på Havanna flyplass. [14] To veker etter forsvann han ut frå det offentlege rampelyset. Kor han oppheldt seg var det store mysteriet i resten av 1965, ikkje minst fordi han blei regna å stå nærast makta nest etter Fidel Castro.

Guevara si forsvinning blei dels tillagt fiaskoar i industrialiseringsprogrammet som han hadde vore talsmann for i tida som industriminister. Dels blei det lagt press frå Sovjetunionen som mislikte den pro-kinesiske haldninga hans etter kvart som splittinga mellom Kina og Sovjet auka. I Guevara sine augo var Kina et uland som hadde blitt brutalt utbytt av vestlege land over mange år, og som no hadde frigjort seg. Og for det tredje blei forsvinninga tillagt usemje mellom Guevara og den resterande cubanske leiarskapen om den økonomiske utviklinga i Cuba og den ideologiske linja.

Dei pro-kinesiske haldningane som Guevara synte blei eit aukande problem etter kvart som økonomien i Cuba blei meir bunden til Sovjetunionen. Sidan dei tidlegaste dagane av den cubanske revolusjonen, oppfatta mange Guevara som tilhengar av maoistisk strategi, ikkje minst fordi Guevara tilla bønder og distrikt i Latin-Amerika ein langt større rolle enn byar og industriarbeidarar i første fasar av revolusjonen (Sinclair, 2002). I tillegg hadde han vore talsmann for ei rask industrialisering av Cuba på ein måte som kunne minne om strategien åt Mao Zedong i Det store spranget. At Castro var villig til å akseptere mange vilkår som Sovjetunionen stilte for bistanden til Cuba, medan Guevara viste attende vilkåra, kan òg ha vore ei medverkande årsak til at Guevara forsvann ut av rampelyset.

Det er iallfall tydeleg at Guevara får mindre og mindre til overs for Sovjetunionen, men kritikken hans råka òg i aukande grad Kina. I første rekkje fordi usemja mellom dei to store i den sosialistiske leiren gjev USA langt større spelerom. Det kjem tydeleg til syne i ein artikkel som Guevara truleg skreiv i 1966, men blei først utgjeven i april 1967 [15]. Om Fidel Castro av meir realpolitiske omsyn ikkje ville følgje Guevara i kritikken av Sovjetunionen, er det likevel heva over tvil at både han og Guevara var opptatt av ei tilnærming mellom Kina og Sovjetunionen, og dei gjorde også fleire mislykka freistnadar på å få dette i stand.

Ut av rampelyset[endre | endre wikiteksten]

Amerikansk flyfoto av rakettbase under Cuba-krisa

I kjølvannet av Cuba-krisa og det Guevara oppfatta som sviket frå Sovjetunionen då Nikita Khrusjtsjov – utan å konsultere Fidel Castro – bøygde av for John F. Kennedy sitt krav om å trekke tilbake atomrakettane frå cubansk territorium, blei Guevara meir skeptisk til Sovjetunionen. Som han avslørte i siste talen sin i Algerie, begynte han å sjå på den nordlege halvkule, leia av USA i vest og Sovjetunionen i aust, som utbytarar av u-landa på den sørlege halvkule. Ikkje minst derfor var han ein sterk talsmann og støttespelar for det kommunistiske Nord-Vietnam i Vietnam-krigen, og oppfordra også folk i andre utviklingsland på den sørlege halvkule til å gripe til våpen og skape «mange nye Vietnam'ar».

Pressa av nasjonale og internasjonale spekulasjonar omkring Guevara sin lagnad, slo Fidel Castro 16. juni 1965 fast at informasjon ville komme når Guevara sjølv ønskte å gje ho. Mange rykte var i omløp både i og utanfor Cuba om kva som hadde skjedd. Den 3. oktober 1965 avslørte Castro eit udatert brev som Guevara hadde skrive til han. I brevet gav Guevara uttrykk for sin usvikelege solidaritet med den cubanske revolusjonen, men at han hadde tatt avgjersle om å forlate Cuba for å hjelpe i revolusjonar i andre land. I brevet trekkjer Guevara seg frå alle formelle posisjonar i den cubanske regjeringa samt i partiet og i hæren. I tillegg sa han frå seg den cubanske statsborgarskapen som han hadde fått i 1959 som vørnad for innsatsen i den cubanske revolusjonen. [16]

I eit intervju med fire utanlandske korrespondentar 1. november 1965 fortalde Castro at han visste kor Guevara var. Han bortviste også rykta om at Guevara var død og sa at han var ved god helse. Trass i Castro sine forsikringar var Che Guevara sin lagnad framleis eit mysterium. Kva han gjorde og kor han var å treffe heldt fram med å vere ein løyndom i store delar av åra 1966 og 1967.

Kongo-Kinshasa[endre | endre wikiteksten]

I løpet av eit langt møte (14. - 15. mars 1965) blei Guevara og Castro einige om at Guevara personleg skulle leie den første cubanske militære aksjonen i Afrika. Ein versjon er at Che Guevara overtalte Castro til å gje han denne rolla. Ein annan versjon er at Castro overtydde Guevara om at han var den rette til å ta på seg denne oppgåva. Castro skal ha argumentert for at situasjonen i andre latinamerikanske land ikkje låg til rette for geriljaorganiserte revolusjoner, og at Cuba derfor måtte hjelpe nasjonar som var meir mottakelege for hjelp frå Cuba. Den cubanske aksjonen skulle derfor settast i verk i Afrika for å stø tilhengjarane av den Patrice Lumumba som var myrda i Kongo-Kinshasa (tidlegare Belgisk Kongo, seinare Zaïre og i dag Den demokratiske republikken Kongo). Denne siste versjonen vert i tillegg stadfesta av Fidel Castro i filmen «Comandante» av Oliver Stone, innspela i 2003.

Hausten 1965 fungerte Guevara som rådgjevar i Kongo-Kinshasa for geriljaleiaren Laurent-Désiré Kabila som hjelpte tilhengjarane av Lumumba i eit opprør mot kuppmakarane Mobutu Sese-Seko og Joseph Kasavubu som hadde stått sentralt bak mordet på Lumumba. I sin dagbok frå Kongo gir Guevara uttrykk for liten tillit til Kabila sine evner som geriljaleiar og ein verdig arvtakar etter Lumumba. «Ingenting får meg til å tru at han er den rette mannen», skreiv Guevara. [17]

Det gjekk likevel ikkje lenge før USA igjen var på banen. Ei gruppe av US Green Berets, leiesoldater frå apartheidstaten Sør-Afrika og eksilcubanarar frå USA, var under leiing av Green Berets-oberst Craig Lowell som samarbeidde med den kongolesiske hæren for å svekke Guevara og Kabila sin framgang og støtte til Lumumba-tilhengjarane.

Oberst Lowell råda den kongolesiske hæren frå å drepe Guevara og dermed gjere han til martyr. Det beste ville vere å trette ut geriljaen, og slik vanære cubanarane og få dei til å trekkje seg ut av Kongo. Ut frå denne strategien begynte Green Beret-gruppa å ha oppsyn med kommunikasjonslinjer og åtake straks geriljaen førebu seg til eit åtak. I tillegg la dei vekt på å øydeleggje forsyningslinjene åt geriljaen. [18].

Guevara si målsetjing var å eksportere den cubanske revolusjonen ved å lære Kabila-troppane og lokale Lumumba-tilhengjarar geriljastrategiar og kommunistisk ideologi. Guevara såg raskt at det var nyttelaust. Samanlikna med entusiasmen han hadde møtt frå folk på Cuba under revolusjonen, blei han her møtt med uvilje eller passivitet. I dagboka si «The African Dream» seier han at dette var årsaka til at den kongolesiske revolusjonen ikkje ville lykkast.

Seinare i 1965, sjuk, plaga av astma og frustrert etter slit til ingen nytte i sju månader, forlét han Kongo saman med andre cubanske overlevande. I alt seks cubanarar hadde mista livet i kampar med kongolesiske troppar og med gruppa leia av Green Berets. På eit tidspunkt ønskte han å sende dei andre heim til Cuba, og sjølv verte igjen og kjempe til slutten. Håpet var at det kanskje kunne vekke kongolesarane og vere eit eksempel til å følgje. Han slo likevel frå seg denne planen etter å ha møtt sterk motbør hos sine cubanske feltkameratar og to utsendingar frå Fidel Castro.

Sidan Castro hadde offentleggjort Guevara sitt avskjedsbrev der han takka nei til alle band til Cuba og valde å forplikte seg til revolusjonære aktivitetar i andre delar av verda, kjente Guevara at han ikkje kunne vende tilbake til Cuba med ære. Derfor oppheldt han seg i skjul i Dar-es-Salaam, Praha og DDR dei seks neste månadane. I denne tida fullførte han nedteikningane av røynsler frå Kongo og skreiv utkasta til to nye bøker, ei om filosofi og ei om økonomi. Heile tida prøvde Fidel Castro å overtale han til å reise «heim» til Cuba. Guevara aksepterte til slutt, men stilte to klare krav. Tilbakekomsten skulle berre vere av heilt førebels karakter. Føremålet skulle vere å førebu ein aksjon ein stad i Latin-Amerika. Det andre kravet var at tilbakekomst og opphald på Cuba måtte bli halden strengt løynleg.

Bolivia[endre | endre wikiteksten]

Vallegrande i Bolivia

Spekulasjonane om Guevara sin tilhaldsstad heldt fram i 1966 og inn i 1967. Representantar frå FRELIMO (Den Mosambikanske frigjeringshær) fortalde at dei hadde hatt møte med Guevara seint i 1966 og tidleg i 1967 i Dar es Salaam der dei hadde avslått tilbodet hans om å hjelpe til i revolusjonen deira. I ein 1. Mai-tale i 1967 i Havanna, fortalde den cubanske forsvarsministeren – Juan Almeida – at Guevara «tente revolusjonen ein stad i Latin-Amerika». Kort tid etter kom det for dagen at Guevara leidde oppbygginga av ein gerilja i Bolivia.

På førespurnad frå Fidel Castro hadde bolivianske kommunistar kjøpt eit fjerntliggande område som Guevara kunne nytte til treningsområde og hovudleir. Mykje tyder på at området som låg i Ñancahuazú-distriktet i departementet Santa Cruz, var eit lite heldig val for Guevara og cubanarane som var saman med han. Dei kom lite i kontakt med den spreidde lokalbefolkninga, meistra ikkje det lokale språket og hadde store vanskar med å danne ein geriljahær med utgangspunkt i bolivianske opposisjonelle frå byane (Ramírez, 1997).

Den tidlegare Stasi-agenten Haydée Tamara Bunke Bider, kjend som «Tania», var Che Guevara sin agent i La Paz. Seinare kom det for dagen at hun også rapporterte til KGB. Spekulasjonar går ut på at KGB i neste omgang lak informasjon til bolivianske styresmakter. Grunnen skulle ha vore at Guevara blei oppfatta som ein trussel mot ønske frå Sovjetunionen om fredeleg sameksistens mellom sosialistiske og kapitalistiske land. Dette er likevel ikkje blitt stadfesta i ettertid.

Fotografia som geriljagruppa blei tvinga til å etterlate seg i hovudleiren etter samanstøyten med den bolivianske hæren i mars 1967, gav president og general René Barrientos det endelege bevis på Che Guevara sitt nærvær i Bolivia. Barrientos erklærte at han ville sjå Guevara sitt hovud på ein stake i La Paz, og gav hæren ordre om å nedkjempe Guevara og geriljakrigarane hans.

Geriljaen åt Che Guevara bestod av vel 50 personar som gjekk under namnet «ELN» (Ejército de Liberación Nacional de Bolivia - Bolivias nasjonale frigjeringshær). Dei var godt utstyrte og gav dei bolivianske troppane fleire tilbakeslag i det vanskelege fjellterrenget i Camiri-området. I september 1967 klarte likevel spesialeiningar frå USA og bolivianske troppar å nedkjempe geriljaen etter at Guevara hadde delt mennene inn i to einingar. Trass dei valdelege kampane, gav Guevara førstehjelp til såra bolivianske soldatar som geriljaen tok til fange og deretter slapp fri. Che følgde dermed same praksis som Fidel Castro sin gerilja praktiserte under revolusjonen på Cuba. Til og med i Guevara sin siste kamp i Quebrada del Yuro og der han sjølv blei såra, tilbaud han såra soldatar førstehjelp i følgje utsegn frå tidlegare bolivianske soldatar. Tilbodet skal likevel ha blitt avslått av ein boliviansk offiser.

Guevara sin plan for ein boliviansk revolusjon syntest å byggje på minst tre feilslutningar:

  • Han forventa at geriljaen ville verte konfrontert med den dårleg øvde og mangelfullt utstyrte hæren i Bolivia. I røynda møtte geriljaen CIA og andre operative eininga som USA hadde sendt til Bolivia. Den bolivianske hæren blei øvd og fekk direkte assistanse av rådgjevarar frå Green Berets, inklusive ein nyleg organisert elitebataljon av US Army Rangers som var ekspertar på jungelkrigføring.
  • Han hadde forventa assistanse frå bolivianske opposisjonelle. Det fekk han ikkje. Det bolivianske kommunistpartiet (Partido Comunista de Bolivia), som meir var orientert mot Moskva enn Havanna, kom ikkje for å hjelpe trass partimedlemmer som slutta seg til geriljaen og såleis braut med partiet sine ønskje. Blant desse var Rodolfo Saldana, Serapio Aquino Tudela og Antonio Jimenez Tardio.
  • Han hadde forventa å ha radiokontakt med Havanna. Det viste seg likevel at dei to cubanske kortbølgjesendarane svikta og gjorde det umogleg å oppnå kontakt. Bandopptakaren som Guevara brukte for å ta opp og dekode bodskap i ordinære radiosendingar frå Havanna, gjekk også tapt då geriljakrigarane måtte krysse ei elv.

I tillegg til dette kom Guevara sin eigen mangel på politisk dugleik. Han valde konsekvent ei konfrontasjonslinje og var svært skeptisk til kompromiss. Dette medverka nok til at han ikkje lykkast å etablere gode relasjonar til lokale leiarar i Bolivia, på same måte som han heller ikkje hadde lykkast i Kongo. Denne legninga hos Guevara kom også til syne i geriljakrigen på Cuba, men der blei ho truleg halden i sjakk av råd frå Camilo Cienfuegos og Fidel Castro, og til dels av direkte ordrar frå Fidel.

Teken til fange og avretta[endre | endre wikiteksten]

Ein desertør frå Guevara informerte dei bolivianske troppane og spesialstyrkar frå USA om Guevara sin hovudleir. Den 8. oktober 1967 blei leiren omringa og Guevara teken til fange medan han leidde ein patrulje i nærleiken av La Higuera. Han overgav seg etter at han var blitt treft i beina og armen, og fått geværet øydelagt av ei kule. President Barrientos gav straks ordre om at Guevara skulle avrettast.

Guevara blei boren til La Higuera og lagt i ein falleferdig skolebygning der han blei halden over natta. Neste ettermiddag blei han skoten medan han sat bunden fast og var veik etter blodtapet. Bøddelen var ein sersjant i den bolivianske hæren som hadde trekt det kortaste strå, og som dermed blei den som måtte avrette Guevara.

Det finst fleire versjonar av kva som hendte. Somme seier at sersjanten var nervøs og at han måtte tvingast inn i skolebygningen. Andre seier at sersjanten nekta å sjå Guevara i augo, og at han deretter skaut Guevara i halsen. Versjonen som får mest støtte, er at Guevara blei skoten fleire gonger i føtene og i kroppen for å unngå skader i ansiktet som kunne forhindre identifisering. Det vert òg sagt at Che Guevara hadde nokre siste ord til bøddelen sin. Guevara skal ha sagt: «Eg ser at du er komen hit for å drepe meg. Men så skyt då, din kujon, du kjem berre til å drepe ein mann» (Anderson, 1997).

Che Guevara sin kropp blei flogen i helikopter til Vallegrande. Der blei liket lagt på eit vaskebord i det lokale hospitalet og vist fram for pressa. Fotografia som blei tatt av Guevara sin døde kropp gav støyten til fleire religiøse legender som for eksempel «El Cristo de Vallegrande» (Vallegrandes Kristus). Dette fordi mange innfødde meinte at Guevara sitt ansikt likna Kristus og at han var blitt forrådd av desertøren, på same måte som «desertøren» Judas hadde forrådd Jesus.

Etter møtet med pressa tok bolivianske offiserar liket til ein hemmeleg stad. I ettertid nekta dei å seie om Guevara var blitt gravlagt eller kremert.

Jakta på Che Guevara sin gerilja i Bolivia blei leidd av Félix Rodríguez, ein CIA-agent som tidlegare hadde arbeidd på Cuba i kontakt med anti-Castro-element i Havanna føre invasjonen i Grisebukta. Under høringa om korleis Che Guevara blei teken til fange, fortalde Rodríguez at han hadde støtta seg på informasjon frå CIA sitt hovudkvarter i Langley, Virginia, og som han mottok via CIA-avdelingar i ulike søramerikanske land. Etter avrettinga tok Rodríguez Guevara si klokke og andre personlege eigendelar som han stolt viste fram til journalistar i dei komande åra. Blant Guevara sine eigendelar var òg ei diktsamling av Pablo Neruda.

Den 15. oktober 1967 offentleggjorde Fidel Castro at Che Guevara var blitt myrda i Bolivia, og proklamerte tre dagars landesorg på Cuba. Guevara sin død blei positivt motteken av styresmakta i USA. Dei såg på Guevara sin død som eit nyttig og kraftig slag mot sosialistiske rørsler i Latin-Amerika og i resten av den tredje verda.

I 1997 blei skjelettet av Che Guevara funne under ei flystripe i nærleiken av Vallegrande. Restane av lekamen blei DNA-identifisert og sendt til Cuba. Den 17. oktober 1997 blei Che Guevara og seks andre falne frå Bolivia-kampanjen stedt til kvile i Santa Clara under full militær honnør.

Che Guevara sitt gravmonument i Santa ClaraCuba.
Foto: Manuel Dohmen

Guevara etterlét seg seks barn.

Med Hilda Gadea (gift 8. august 1955; skilt 22. mai 1959):

Med Aleida March (gift 2. juni 1959)

Med Lidia Rosa López (utanom ekteskap):

Bolivia-dagboka[endre | endre wikiteksten]

Guevara si dagbok dokumenterer geriljakampane i Bolivia. Første oppteikning er 7. november 1966 kort etter at han kom til Ñancahuazú og den siste er gjort 7. oktober 1967, dagen før han blei teken til fange. Dagboka fortel korleis geriljakrigarane blei tvungne til å improvisere etter at hovudleiren blei oppdaga av bolivianske troppar. Det forklarer også Guevara si avgjersle om å dele den revolusjonære gruppa inn i to mindre avdelingar. Det førte likevel til at dei blei ute av stand til å kommunisere med kvarandre, noko som i sin tur nok medverka til at dei blei nedkjempa.

Dagboka fortel også om konfliktane mellom Guevara og det bolivianske kommunistpartiet som førte til at Guevara fekk monaleg færre geriljakrigarar enn han opphavleg hadde rekna med. Dagboka syner òg at Guevara hadde store vanskar med å rekruttere frå urfolket i området. Ei vesentleg årsak var at geriljagruppa berre beherska quechua og ikkje det lokale tupí-guaraní-språket. Ei anna årsak var truleg den indianske folkesetnaden sin mistru overfor kvite utlendingar. Dessutan blei Guevara sjuk etter kvart som geriljakampanjen drog ut i tid. Astmaen forverra seg og dei siste geriljaoffensivane gjekk dels ut på å få tak i medisinar.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Husvegg på Cuba

Mens bileta av Guevara sin kropp og omstenda rundt dødsfallet blei spreidd over hele verda, begynte reaksjonane å komme. Protestdemonstrasjonar braut ut, artiklar blei skrivne, hyllingskonsertar arrangerte og songar og dikt blei skrivne om livet og virket hans. Til og med liberale med liten sympati for Che Guevara sine radikale sosialistiske ideal, gav uttrykk for undring for at han ikkje berre argumenterte iherdig for ideane sine, men også etterlevde dei konsekvent i praksis. Han stod fram som helt for mange, også fordi han hadde takka nei til eit tilvære i velvære på Cuba og valde å kjempe for dei underprivilegerte som var fråtekne all politisk makt og økonomisk tryggleik.

Særleg på slutten av 60-talet blei han eit førebilete for revolusjon og sosialistiske ideal hos ungdom i vestlege land og i Midt-Austen. Bildet som fotografen Alberto Korda tok av Che Guevara i mars 1960, blei raskt eit av dei mest vidgjetne fotografi i dette hundreåret, og blei forenkla og reprodusert på ei lang rekkje produkt som t-skjorter, posterar, kaffikrus, og anna. [19].

I alt 205 832 personar besøkte Guevara sitt mausoleum i Santa Clara i 2005, deriblant 127 597 utlendingar. Den franske filosofen Jean-Paul Sartre kalla Che Guevara for «det mest fullendte menneske i vår tid». [1]

Guevara sine tilhengjarar meiner at han langt på veg er den viktigaste tenkjaren og aktivisten i Latin-Amerika sidan Simón Bolívar, leiaren av den søramerikanske frigjeringsrørsla, forkjemparen for pan-amerikanismen og helten for generasjonar av frigjeringsforkjemparar i heile Latin-Amerika. Saman med Bolívar reknast Che Guaevara av sine tilhengjarar som ein av dei største latinamerikanske frigjeringsheltar.

Kritikk av Guevara[endre | endre wikiteksten]

Minnesmerke over falne revolusjonære, Revolusjonsmuseet i Havanna, 2006

Ikkje uventa blei Che Guevara oppfatta som ein terrorist og kaldblodig mordar av delar av det eksilcubanske miljøet i USA (især i Miami), av styresmakta i USA og av CIA som stod sentralt ved drapet på Guevara i 1967. Eksilcubanarane legg særleg vekt på at han var ansvarleg for avrettinga av Batista-tilhengjarar etter revolusjonen.

New York Sun-journalisten Williams Myers omtaler Guevara som ein «sosiopatisk bølle» [2]. Mange andre nyhendemedia i USA har same overtyding. Dei viser til at Guevara var ansvarleg for avretting av fleire hundre menneske i cubanske fengsel, og for mord på sivile i områda som blei kontrollert av geriljaen under den cubanske revolusjonen. Mange kritikarar meiner også at Guevara var ein katastrofe for cubansk økonomi, og at han nær var årsak til fullt samanbrot i sukkerproduksjonen. I tillegg sette han i gang fleire mislykka industriprosjekt og innførte rasjonering i eit land som allereie før Batista-diktaturet hadde vore eit av dei fire mest vellykka i Latin-Amerika, med omsyn på økonomi.

I motsetning til Guevara sine tilhengjarar, meiner også ein del kritikarar at Guevara var ein elendig militær strateg og taktikar. Dei set også eit stort spørsmålsteikn ved den såkalla «heltedåd i Santa Clara» kor Che Guevara spora av og erobra toget som frakta troppar og forsyningar til Batista. Álvaro Vargas Llosa skriv:

  • «Ei rekkje vitneutsegn indikerer at togføraren overgav seg på førehand, kanskje som følgje av at nokon hadde muta han».[3]

Sjølv om den tyngste kritikken mot Che Guevara kjem frå det ekstreme høgre og frå så vel republikanere som demokrater i USA, har det også komme fram kritikk frå anarkistar, ordinære høgreparti og grupper i det politiske sentrum. I varierande grad har kritikken gått på at han var autoritær, eigenrådig / mangla politisk toleranse og at han hadde som mål å omforme Cuba – og andre land i Latin-Amerika – til byråkratiske, stalinistiske regime.

Det skriftlege materialet som Guevara etterlét seg, argumentasjonen i ideologiske debatter og utsegn frå folk som stod han nær (blant anna Fidel Castro og Alberto Granado), synest å underbyggje påstanden om at Che var eigenrådig og sta. Braut noko med den moralske overtydinga hans, var det omtrent umogleg å få han til å skifte meining. Å tolke Guevara som tilhengar av stalinistisk ideologi, synest likevel forhasta. Guevara argumenterte først og fremst for «god revolusjonær moral» som etter hans syn gjekk ut på å motarbeide fattigdom og annan sosial og økonomisk urett. Kommunistisk dogmatisme slik han blei praktisert i Sovjetunionen under Stalin - synest ikkje å prege det han stod for. Dette kjem blant anna tydeleg til syne i eit intervju han gav med den franske avisa L'Express, 25. juli 1963:

  • «Økonomisk sosialisme utan kommunistisk revolusjonær moral interesserer meg ikkje. Vi kjemper mot fattigdommen, men samstundes også mot framandgjering (...). Om kommunismen vender ryggen til medvete, kan han nok framleis vere ein metode for å fordele samfunnsressursar, men kommunismen har då ikkje lenger ein revolusjonær moral».

Publiserte arbeid av Guevara[endre | endre wikiteksten]

  • Che Guevara (1967/2004) The Motorcycle Diaries (Movie Tie-in Edition): Notes on a Latin American Journey, Ocean Press, ISBN 1-920888-10-1 (Omsett til norsk og utgjeve under tittelen «Motorsykkelsdagbok : fra en reise i Latin-Amerika», Cappelen, 1995)
  • Che Guevara (1965/1999) Socialism and Man in Cuba, Pathfinder Press, ISBN 964-90458-2-1
  • Che Guevara (1967/1989) Man and socialism in Cuba', Pathfinder, ISBN 0-87348-577-7
  • Che Guevara (1961/2006) Guerrilla Warfare : The Authorized Edition, Ocean Press, ISBN 1-920888-28-4 (Omsett til norsk og utgjeve under tittelen «Gerilja», Pax, 1968)
  • Che Guevara (1968/2005) Reminiscences of the Cuban Revolutionary War : The authorized and revised edition (Che Guevara Publishing Project), Ocean Press, ISBN 1-920888-33-0 (Omsett til svensk og utgjeve under tittelen «Minnen från det revolutionæra kriget på Kuba», Wahlstrøm & Widstrand, 1968)
  • Che Guevara (1972/2000) Che Guevara Speaks: Selected Speeches and Writings, Pathfinder Press (NY); 2nd edition, ISBN 0-87348-910-1
  • Che Guevara (1968/2001) The African Dream: The diaries of the Revolutionary War in the Congo, Grove Press, ISBN 0-8021-3834-9
  • Che Guevara (1968/2005) Bolivian Diary, Ocean Press, ISBN 1-920888-24-1 (Omsett til norsk og utgjeve under tittelen «Boken om Che : Che Guevaras dagbok : 7. november 1966 - 7. oktober 1967», Gyldendal, 1968)
  • Che Guevara (2003) Che Guevara Reader: Writings on Guerrilla Strategy, Politics and Revolution, Ocean Press, ISBN 1-876175-69-9
  • Che Guevara (2005) Latin America : Awakening of a Continent, Ocean Press, ISBN 1-920888-38-1
  • Che Guevara (2000) Che Guevara Talks to Young People, Pathfinder; 1st edition, ISBN 0-87348-911-X
  • Che Guevara (2002) Che Guevara on Global Justice, Ocean Press, ISBN 1-876175-45-1
  • Che Guevara (2003) Self Portrait Che Guevara, Ocean Press, ISBN 1-876175-82-6

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Alarcón Ramírez, Dariel («Benigno») (1997) Memorias de un Soldado Cubano: Vida y Muerte de la Revolución. Tusquets Editores S.A. Barcelona, ISBN 84-8310-014-2
  • Alarcón Ramírez, Dariel dit «Benigno» (1997) Le Che en Bolivie, Éditions du Rocher, ISBN 2-268-02437-7
  • Anderson, Jon Lee (1997) Che Guevara: A Revolutionary Life, New York: Grove Press, ISBN 0-8021-1600-0
  • Bonachea, Rolando E. and Nelson P. Valdés (ed.) (1969) Selected Works of Ernesto Guevara, Cambridge, MA: MIT Press. ISBN 0-262-52016-8
  • Bravo, Marcos (2005) La Otra Cara Del Che, Editorial Solar. Bogota, Colombia.
  • Castañeda, Jorge G. (1998) Che Guevara: Compañero. New York: Random House, ISBN 0-679-75940-9
  • Camiller, Patrick (2002) Back on the Road: A Journey to Central America, The Harvill Press, ISBN 1-86046-972-8
  • Castro, Fidel (editors Bonachea, Rolando E. and Nelson P. Valdés (1972) Revolutionary Struggle 1947-1958, MIT Press Cambridge, Massachusetts and London, ISBN 0-262-02065-3
  • del Carmen, Garcia and Salado (ed.) (2005) Our America and Theirs : Kennedy and the Alliance for Progress - The Debate on Free Trade (Che Guevara Publishing Project), Ocean Press, ISBN 1-876175-81-8
  • Feldman, Allen (2003) Political Terror and the Technologies of Memory: Excuse, Sacrifice, Commodification, and Actuarial Moralities, Radical History Review 85, 58-73
  • Fuentes, Norberto (2004) La Autobiografía De Fidel Castro, Mexico D.F: Editorial Planeta, ISBN 84-233-3604-2, ISBN 970-749-001-2
  • George, Edward (2005) The Cuban Intervention In Angola, 1965-1991: From Che Guevara To Cuito Cuanavale, London & Portland, Oregon: Frank Cass Publishers, ISBN 0-415-35015-8
  • Waters, Mary Alice (1996) Episodes of the Cuban Revolutionary War 1956-1958. New York: Pathfinder. ISBN 0-87348-824-5
  • Holland, Max (2005) Private Sources of U.S. Foreign Policy. William Pawley and the 1954 Coup d'État in Guatemala i Journal of Cold War Studies 7.4
  • James, Daniel (2001) Che Guevara, Cooper Square Press, ISBN 0-8154-1144-8
  • Matos, Huber (2002) Como llegó la Noche, Barcelona: Tusquet Editores, SA. ISBN 84-8310-944-1.
  • Morán Arce, Lucas (1980) La revolución cubana, 1953-1959: Una versión rebelde. Ponce, Puerto Rico: Imprenta Universitaria, Universidad Católica, ISBN B0000EDAW9.
  • Pax Leksikon, bind 2. (1979), Pax forlag, Oslo
  • Peña, Emilio Herasme (2004) La Expedición Armada de junio de 1959 i Listín Diario (Den Dominikanske Republikk), 14 June 2004
  • Rodriguez, Felix I. and John Weisman (1989) Shadow Warrior/the CIA Hero of a Hundred Unknown Battles, Simon&Schuster, ISBN 0-671-66721-1
  • Rojo del Río, Manuell (1981) ”La Historia Cambió En La Sierra”. San José, Costa Rica: Editorial Texto.
  • Ros, Enrique (2003) Fidel Castro y El Gatillo Alegre: Sus Años Universitarios, Miami, Ediciones Universal, ISBN 1-59388-006-5
  • Sinclair, Andrew (2002) Che Guevara, Damms biografiserie, ISBN 82-496-0165-3
  • Taibo, Paco Ignacio II (1999) Ernesto Guevara, también conocido como el Che, Editorial Planeta. ISBN 84-08-02280-6

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Che Guevara

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]