Chelsea Morning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chelsea Morning
Singel av Judy Collins
B-side «Pretty Polly»
Utgjeve April 1969[1]
Innspelt Elektra Sound Recorders, Los Angeles, 1968
Sjanger Folkrock
Lengd 03:15
Selskap Elektra
Produsent David Anderle
Chelsea Morning
Song av Joni Mitchell
frå albumet Clouds
Utgjeve 1969
Innspelt A&M Studios, Hollywood, CA
Sjanger Vise
Lengd 02:35
Selskap Reprise
Låtskrivar(ar) Joni Mitchell
Produsent Joni Mitchell

«Chelsea Morning» er ein song skriven av Joni Mitchell og gjeven ut på albumet hennar Clouds i 1969.[2].

Songen vart inspirert av rommet til Mitchell i nabolaget Chelsea i New York City. Inspirasjonen for det første verset kjem delvis frå dekoren i leilegheita hennar. Medan ho var i Philadelphia hadde Mitchell og venene hennar laga ein uro frå bitar av farga glas dei hadde funne på gata og ståltråd, som filtrerte lyset i rommet hennar gjennom vindauget og skapte ein «regnboge på veggen» («rainbow on the wall»).[3] Då ho spelte songen på kafear seint i 1960-åra forklarte Mitchell at det farga glaset kom frå vindauge frå eit øydelagd hus.

Woke up, it was a Chelsea morning, and the first thing that I heard
Was a song outside my window, and the traffic wrote the words
It came a-reeling up like Christmas bells, and rapping up like pipes and drums

Joni Mitchell

Teksten syner talentet Mitchell hadde for biletspråk, og den visuelle inspirasjonen hadde ho frå bakgrunnen sin i visuell kunst. «The sun poured in like butterscotch and stuck to all my senses.» Mitchell snakka om songen i 1996: «Det var ei ung og herleg tid... før eg hadde platekontrakt. Eg syns det er ein særs søt song, men eg syns ikkje han er av mine beste. For meg verkar desse tidlege songane som noko ei naiv, uskuldig jente skreiv.»[3]

«Chelsea Morning» vart faktisk skriven før Mitchell gav ut debutalbumet Song to a Seagull i 1968, men Mitchell heldt songen tilbake for det andre albumet hennar, delvis fordi «Chelsea Morning» alt hadde vorte spelt inn av andre artistar, mest kjend Judy Collins som spelte songen i 1968 for Who Knows Where the Time Goes. Ho gav ut songen på singel i juli 1969 og nådde 25. plass på Billboardlista for easy listening, og ein 78. plass på den offisielle singellista.

Andre tidlege versjonar av «Chelsea Morning» vart spelte inn av Fairport Convention på deira sjølvkalla debutalbum i juni 1968[4] og av Jennifer Warnes på debutalbumet hennar I Can See Everything frå 1968. Den sistnemnde versjonen vart gjeven ut på singel i 1969.

I 1980 vart to versjonar av «Chelsea Morning» rangert som Easy Listening-hittar i Billboard: Green Lyte Sunday med Susan Darby, som nådde 29. plass, og Sérgio Mendes & Brasil '66 som tok songen til 21. plass. Neil Diamond spelte inn «Chelsea Morning» for albumet Stones i 1971.

Joni Mitchell-utgåva av songen finst på filmmusikken til filmen After Hours frå 1985.

Bill og Hillary Clinton har sagt at dottera deira Chelsea er kalla opp etter songen[4] framført av Judy Collins.[5] Collins framførte songen på tiltredingsdagen til president Clinton i 1993.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "The Very Best of Judy Collins by Judy Collins", Epinions.com.
  2. "Discography - Judy Collins - Chelsea Morning/Pretty Polly", Billboard.com. Henta 19. januar 2011
  3. 3,0 3,1 Hilburn, Robert: Los Angeles Times. "Joni Mitchell looks at both sides now: her hits -- and misses", NewStandard. 12/7/96. Henta 19. januar 2011.
  4. 4,0 4,1 Unterberger, Richie (2008). "'Chelsea Morning' - Joni Mitchell", AllMusic. Henta 19. januar 2011.
  5. Popik, Barry (2005) "'Chelsea Morning' (1969)", The Big Apple. 27. februar 2005. Henta 19. januar 2011.