Cheltenham

Koordinatar: 51°53′0″N 002°04′0″W / 51.88333°N 2.06667°W / 51.88333; -2.06667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Cheltenham

Cheltenham frå Leckhampton Hill
Cheltenham frå Leckhampton Hill
Cheltenham frå Leckhampton Hill
Motto
«Salubritas et Eruditio»
(Helse og utdanning)
Plassering
Cheltenham is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Gloucestershire
Distrikt Cheltenham
Geografi
Flatevidd
 - By

46,61 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)
   - folketettleik

112 000
  2 402,9 /km²
Koordinatar 51°53′0″N 002°04′0″W / 51.88333°N 2.06667°W / 51.88333; -2.06667
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.cheltenham.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Cheltenham

Cheltenham (òg kjend som Cheltenham Spa) er ein by og eit administrativt distrikt i Gloucestershire i England. Byen har tradisjonelt vore ein kurstad, og mottoet hans er Salubrias eit Eruditio, 'Helse og utdanning'.

Han ligg i ytterkanten av Cotswolds, og har sidan ein fann mineralvasskjelder i 1716 vore ein kurstad og turistmål. Vatnet blir ikkje lenger rekna for å vere av drikkevasskvalitet, spesielt ikkje etter at ein i 2004 fann at røyra frå kjelda var for dårlege. Byen har på grunn av tilstrøyminga av vitjande vore velståande, og er i dag kjend som ein handlestad med varehuset Cavendish House som den meste kjende butikken, og som heim for fleire kjende privatskular: Dean Close, Cheltenham College og Cheltenham Ladies' College. Ein finn òg den prestisjetunge Pate's Grammar School der.

Internasjonalt er byen mest kjend for hestesport. Cheltenham Racecourse, i forstaden Prestbury, er den viktigaste arenaen i Storbritannia for National Hunt racing, det vil seie fleire former for sprangriding. Cheltenham Gold Cup blir arrangert normalt i midten av mars kvart år. Fordi han fell på same tid som St. Patricks dag vel svært mange irske hestesportentusiastar å leggje feiringa dit, og Cheltenham Festival, som blir arrangert samstundes som cupen, blir gjerne prega av dette. Ein annan viktig årleg festival er Greenbelt, ein kristen kunst- og musikkfestival. Det er òg mindre festivalar for jazz, litteratur og vitskap.

Det lokale fotballaget, Cheltenham Town FC, spelar i Football League.

Ved sida av turisme er lett industri, særleg innan matforedling, luftfart og elektronikk, viktig for økonomien til byen.

Government Communications Headquarters (GCHQ), avdelinga til det britiske etterretningstenesta for signaletterretning, har lokala sine i Cheltenham. Bygningen dei held til i er kjend for ei uvanleg «smultringform».

Jernbanestasjonen tener tog på linja mellom Bristol og Birmingham, noko som tyder at ein har gode samband til resten av Storbritannia.

Blant kjende menneske frå Cheltenham finn ein komponisten Gustav Holst, polfararen Edward Adrian Wilson, medisinaren Edward Jenner og musikaren Brian Jones.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Cheltenham