Chen Hongshou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chen Hongshou

Fødenamn kinesisk skrift 陈洪绶, pinyin Chén Hóngshòu
Statsborgarskap Qing
Fødd 1598
Zhuji
Død

1652 (54 år)
Zhejiang

Yrke kunstmålar, grafikar, skribent, kalligraf
Chen Hongshou på Commons

Chen Hongshou (fødd 1598 i Kina død 1652, daud 1652) var ein viktig kinesisk malar i overgangen mellom Ming- og Qing-dynastiet. Stilnamnet hans var Zhanghou (章侯), elles nytta han psevdonyma Laolian (老莲), Fuchi (弗迟), Yunmenseng (云门僧), Huichi (悔迟), Chiheshang (迟和尚) og Huiseng (悔僧).

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Chen blei foreldrelaus tidleg. Han byrja å måla allereie i barndomen. To gonger oppheldt han seg i Beijing; den andre gong lukkast han i å koma inn ved det keisarlege akademiet og studera måleria i palassa, blant anna keisarportretta der.

Han blei etterkvart svært berømt, og blei omtalt som Den sørlege meisteren (i spann med Cui Zizhong, den nordlege meisteren); altså var han vurdert som ein av dei to fremste målarane i Kina på denne tida. Dei blei også kalla «Chen i sør og Cui i nord».

Etter sjølvmordet til den siste Ming-keisaren i 1644 trekte Chen seg tilbake til heimtraktene sine. Han nekta å måla for dei nye makthavarane, og blei difor sett i fengsel for ein kortare periode, utan at det endra på innstillinga hans.[treng kjelde]

Deretter heldt til han eitt år i eit buddhisttempel i Shaoxing. Så levde han som privatperson og livnærte seg av å inntektene frå sina sal av eigne måleri.

Livssoga hans er kjend først og fremst gjennom den samtidige forfattaren Zhou Lianggong, som gav ut verket Tuhualu med fleire kunstnarbiografiar.

Chen Hongshou sine verk spenner over eit vidt spektrum. Han har etterlate seg meisterlege landskap-, blome- og fuglemåleri, personportrett og rikhaldige illustrasjonar til kinesiske nøkkelverk som Forteljingar frå myrlandet og Romansen om Vestkammeret av Wang Shifu.[treng kjelde]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]