Chenin blanc

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Chenin blanc-druer

Chenin blanc er ei allsidig vindrue av grøn type. Den er kjent som steen i Sør-Afrika, pineau de la Loire frå Loire-regionen i Frankrike.

Dei mest populære chenin blanc-vinane kjem frå denne regionen, blant anna i Anjou-Touraine og Vovray i Loire-dalen.

Drua kan gi alt frå tørre til svært søte vinar. Dei har alltid flott syre med ein kompleks mandel- og sitrusprega aroma. Dei søtaste vinane er meir eksotiske og honningprega.

Karakteristiske trekk er at drua utviklar mykje syre og at ho er særs mottakeleg for edelråte.