Cherokesisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cherokesisk
(ᏣᎳᎩ Tsalagi)
Klassifisering: Irokesisk
 Sørirokesisk
  Cherokesisk
Bruk
Tala i: USA
Cherokesisktalande i alt: 15 000–22 500[1]
Skriftsystem: Det cherokesiske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-2: chr
ISO 639-3: chr
Wikipedia på cherokesisk

Cherokesisk er eit irokesisk språk som blir snakka av cherokee-stammen i USA. Språket blir snakka i delstaten Oklahoma og i cherokee-reservatet i Great Smoky Mountains i Nord-Carolina. Cherokesisk er det einaste levande sørirokesiske språket, og det vert i følgje Ethnologue talt av mellom 15 000 og 22 500 personar, av dei er 130 einspråklege.

Cherokesisk har eit komplisert tonesystem, som varierer frå dialekt til dialekt. Sjølv om det tonale systemet i mange område gjennomgår ei gradvis forenkling, er det i andre område svært robust, noko som ser ut til å gje opphav til fenomenet tone-sandhi.

Cherokesisk har eit eige alfabet, ei stavingsskrift, som vart laga av sølvsmeden Sequoyah. Alfabetet har 85 teikn som står for kvar si staving (ikkje lydar). Eit døme frå alfabetet er ᏣᎳᎩ tsa-la-gi, som er cherokee på cherokesisk.

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Cherokesisk har dette konsonantsystemet:

Konsonantar i Nord-Carolina-dialekten av cherokesisk
Labial Alveolar Palatal Velar Glottal
Plosiv t k ʔ
Affrikat ts
Frikativ s h
Nasal m n
Approksimant l j (y) ɰ (w)


Fremre Midtre Bakre
Lukka i   u  
Midtre e   ə̃   ə̃ː o  
Open a  


Tone[endre | endre wikiteksten]

Cherokesisk er eit tonelagsspråk med seks tonar, to nivåtonar (høg, låg) og fire konturtonar (stigande, fallande, høg fallande, låg fallande).

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Cherokesiske er eit polysyntetisk språk. Verbformer har strukturen personprefiks - rot - aspektsuffiks - modalsuffiks.

Syntaks[endre | endre wikiteksten]

Cherokesisk er eit SOV-språk. Nominalfraser har strukturen determinativ - adjektiv - substantiv - relativsetning.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tal frå Ethnologue

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Cherokee - UCLA Language Materials Project, University of California Los Angeles (UCLA).