Cheshire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cheshire
EnglandCheshire.png
Geografi
Status Seremonielt grevskap
Opphav Historisk
Region Nordvest-England
Areal 2 343 km²
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

1 006 100
429,4 /km²
Etnisitet 98,3 % kvite
1,7% andre
Distrikt
New Cheshire Ceremonial Numbered.png
  1. Cheshire West and Chester (einskapleg)
  2. Cheshire East (einskapleg)
  3. Warrington (einskapleg)
  4. Halton (einskapleg)

Cheshire (tidlegare kalla County of Chester)[1] er eit seremonielt grevskap i Nordvest-England. Den tradisjonelle administrasjonssbyen er Chester,[2] men den største byen i Cheshire er Warrington. Andre store byar er Congleton, Crewe, Ellesmere Port, Widnes, Runcorn, Macclesfield, Nantwich, Northwich og Wilmslow.[3] Grevskapet grensar til Merseyside og Stor-Manchester i nord, Derbyshire i aust, Staffordshire og Shropshire i sør, Flintshire og Wrexham i Wales i vest.

Cheshire har kring ein million innbyggjarar. Bortsett frå dei store byane langs elva Mersey og den historiske byen Chester, er det meste av området landleg med mange småbyar og landsbyar. Det er historisk kjend for Cheshire-osten somvert produsert her,[4] salt, bulkkjemikalar og silke.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Cheshire var opphavleg eit tidleg namn for Chester og vart først skrive som Legeceasterscir i anglosaksiske krøniker.[5] Det tydde «fylket (shire) til byen til legionane». [6] Det vart først nedskrive i 980, men ein meiner grevskapet vart skipa av Edvard den eldre rundt 920.[6] I Domesday Book vart Chester skrive som Cestrescir, (Chestershire).[5] Med åra har namnet vorte korta ned til Cheshire.

Det er tette historiske band mellom Cheshire og landområda i vest som seinare vart Wales. Mellom anna var landområde som i dag er ein del av Wales ein del av grevskapet Cheshire.[7] Det walisiske namnet på grevskapet er Swydd Gaerlleon[8] og vert stundom nytta i Wales.

Med grunnlovsendringa i 1972 vart delar av områda i nordvest ein del av dei metropoitanske grevskapa Stor-Manchester og Merseyside.[9] Stockport (tidlegare county borough), Hyde, Dukinfield og Stalybridge i nordaust vart ein del av Stor-Manchester. Mykje av Wirralhalvøya i nordvest, inkludert kommunane Birkenhead og Wallasey, gjekk til Merseyside. Samstundes vart Tintwistle Rural District overført til Derbyshire. Områda i Lancashire sør for Merseyside/Stor-Manchester, inkludert Widnes og Warrington, vart ein del av det ikkje-metropolitanske grevskapet Cheshire.[10]

I 1998 vart Halton og Warrington einskaplege styresmakter sjølvstendige frå grevskaprådet i Cheshire, men vart verande ein del av Cheshire for seremonielle årsaker, samt brannvesen og politivesen.[11]

I 2009 vart grevskapsrådet heilt avskaffa og erstatta av to nye einskaplege styresmakter, Cheshire East og Cheshire West og Chester.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Cheshire

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Relationships / unit history of Cheshire». A Vision of Britain through Time website. http://www.visionofbritain.org.uk/relationships.jsp?u_id=10193850. 
  2. «Cheshire County Council». Cheshire County Council website. http://www.cheshire.gov.uk/. 
  3. «Cheshire County Council Map». Cheshire County Council. http://www.cheshire.gov.uk/NR/rdonlyres/947210D0-96BD-429E-898D-3E952A4C8925/0/CheshireCountyMapforWeb.pdf. 
  4. Ingham, A. (1920). Cheshire: Its Traditions og History. 
  5. 5,0 5,1 Harris, B. E. og Thacker, A. T. (1987). s 237.
  6. 6,0 6,1 Crosby, A. (1996). s. 31.
  7. Harris, B.E. og Thacker, A.T. (1987). s. 340—341.
  8. Welsh dictionary entry for Cheshire. www.geriadur.net website (Welsh-English / English-Welsh On-line Dictionary ). Department of Welsh, University of Wales, Lampeter.
  9. Jones, B. et al. (2004). Politics UK. 
  10. Local Government Act 1972
  11. «The Cheshire (Boroughs of Halton og Warrington) (Structural Change) Order 1996». Office of Public Sector Information. http://www.opsi.gov.uk/si/si1996/Uksi_19961863_en_1.htm. 


Koordinatar: 53°10′N 2°35′W