Chessmetrics

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Chessmetrics er eit ratingsystem for sjakkspelarar utvikla av Jeff Sonas. Det er meint å skulle vere betre enn Elo-rating-systemet.

Grunnlaget for systemet[endre | endre wikiteksten]

Chessmetrics baserer seg på eit vekta gjennomsnitt av tidlegare prestasjonar.[1] Det som blir lagt til grunn er spelaren sin vinstprosent mot andre spelarar, vekta mot ratingen til dei andre spelarane, og kor lang tid som har gått sidan det vart spela. Ein 10 % betring i prestasjon tilsvarar ein auke på 85 ratingpoeng.

Vektinga av tidlegare parti avtar lineært frå 100% for nettopp avslutta parti til null for parti som vart spela for meir enn to år sidan.

Formlar[endre | endre wikiteksten]

Endring av prestasjonsrating etter ei turnering:

Prestasjonsrating = Gjennomsnitt motstandarrating + [(Prosentvis skår - 0.50) * 850]

Vekting av tidlegare turneringar (tid i månader):

100% * (24 - tid)

Moglege fordelar med systemet[endre | endre wikiteksten]

Historiske ratingtal[endre | endre wikiteksten]

Den store fordelen med systemet er at Jeff Sonas har lagt ned eit stort arbeid i å samle inn og systematisere historiske sjakkresultat. Dei første ratingtala i systemet er frå januar 1843[2], og ein kan få opp statistikkar månad for månad, år for år, og for periodar på 3 år, 5 år, 10 år og 20 år. For spelarar på same tid, produserer systemet interesante og truleg rimeleg nøyaktige anslag over relativ spelestyrke dei i mellom. Hos Chessmetrics kan ein f. eks. finne ut kva for ein spelar som var nummer 5 i verda i 1939 (det var Paul Keres [3]), med dei atterhald som alltid ligg i slike utrekningar. Kvaliteten på datagrunnlaget har i så måte stor tyding, og vil av fleire grunnar vere varierande.

Betre enn Elo-rating?[endre | endre wikiteksten]

Jeff Sonas har gjentekne gongar hevda at systemet er betre til å spå om dei neste prestasjonane til sjakkspelarar enn Elo-rating-systemet, i følgje testing som han har gjort.[4]

Sonas hevdar også at Chessmetrics har andre fordelar i forhold til Elo-rating:[4]

  • Elo-rating har ein innebygd ulempe for toppspelarar: Ein toppspelar vil i følgje Sonas tape rating viss han eller ho klarer den skåren mot lågare rata spelarar som Elo-ratingen føreset.
  • Chessmetrics svarar betre på endringar enn Elo-rating, dvs. at Chessmetrics vil raskare og meir nøyaktig gjenspegle auke i spelestyrke hos ei stigande stjerne. Sonas legg til grunn at dette er ein av grunnane til at Chessmetrics har betre evne til å spå om framtidige resultat.
  • Chessmetrics tar omsyn til om spelarane har kvit eller svart - det er ein statistisk fordel å ha kvit. Dette er det ikkje tatt omsyn til i Elo-rating-systemet.

Moglege ulemper ved systemet[endre | endre wikiteksten]

Chessmetrics gir frå tid til anna merkelege resultat. Til dømes var Verdsmeisteren i sjakk Emanuel Lasker lite aktiv i 1912-1914, og fall som en følgje av dette frå 1-plass til 12-plass i verda på rankingen hos Chessmetrics. [5] Deretter vann han turneringa i Sankt Petersburg framom eit fleirtal av dei aller beste spelarane i verda.

Chessmetrics, som alle andre ratingsystem, kan berre gje eit anslag over sannsynleg spelestyrke i forhold til andre spelarar på grunnlag av dei resultata som er lagt inn i systemet, og gir ikkje noko eksakt mål på verkeleg spelestyrke.

Publisitet[endre | endre wikiteksten]

Den første artikkelen om Chessmetrics vart offentleggjord hos Chessbase i oktober 2002.[6] Sidan då har Chessmetrics blitt godt kjent i sjakkverda, mellom anna på grunnlag av mange artiklar hos nettstadane Chessbase og The Week in Chess.[7]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Chessmetrics formelside
  2. Chessmetrics for januar 1843, vitja 7. juni 2009
  3. [1] Vitja 7. juni 2009
  4. 4,0 4,1 Jeff Sonas (22 October 2002). «The Sonas Rating Formula – Better than Elo?». http://www.chessbase.com/newsdetail.asp?newsid=562. Henta 2008-07-08. 
  5. Chessmetrics Player Profile: Emanuel Lasker, Chessmetrics web site
  6. http://www.chessbase.com/newsdetail.asp?newsid=562 The Sonas Rating Formula – Better than Elo? Vitja 7. juni 2009
  7. Som eksempel: Jeff Sonas sine artiklar om temaet å samanlikne sjakkspelarar gjennom sjakkhistoria på Chessbase:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]