Chiavenna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chiavenna
Borga i Chiavenna

Chiavenna er ein småby og ein kommune i provinsen Sondrio i Lombardia-regionen i Italia. Kommunen har vel 7 000 ibuarar og omfattar ei flatevidd på 11,1 km². Byen ligg 333 meter over havet, om lag 40 kilometer nordvest for provinshovudstaden Sondrio.

Chiavenna er i dag kjent for bykjerna og sine restaurantar. Chiavennas største grannekommunar er Piuro og Prata Camportaccio. Saman med desse stadene dannar Chiavenna eit buområde med om lag 12 000 menneske.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Chiavenna ligg rundt 25 km nord for Comosjøen, ved elva Mera. Byen er sentrum for Valchiavenna. Frå Chiavenna går to fjellovergangar i Alpane, nytta allereie under romarriket. Den eine overgangen fører nord gjennom Val San Giacomo over Splügenpasset til Chur i Graubünden. Den andre fører mot aust gjennom Val Bregaglia over Malojapasset og vidare over Julierpasset til Chur.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]