Chichester

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Chichester

Den heilage treeiningskatedralen i Chichester
Den heilage treeiningskatedralen i Chichester
Den heilage treeiningskatedralen i Chichester
Plassering
Chichester is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap West Sussex
Distrikt Chichester
Geografi
Flatevidd
 - By

10,67 km²
Innbyggjarar
 - By (2001)
   - folketettleik

23 731
  2 224,1 /km²
Koordinatar 50°50′″N 0°47′″WKoordinatar: 50°50′″N 0°47′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer PO19
Telefon-retningsnummer 0 1243
Nettstad: www.chichestercity.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Chichester

Chichester er administrasjonsbyen i West Sussex i England. Byen høyrer til og er administrasjonssenter for distriktet Chichester. Byen har eit folketal på omkring 25 000, medan distriktet har omkring 100 000 innbyggjarar (2004).

Chichesterkrossen

Ein reknar med at området var eit bruhovud under den romerske invasjonen av Britannia, og sentrum ligg over den romerske byen Noviomagus. Like ved byen, ved Fishbourne, er ein romersk villa utgraven av arkeologar. Noviomagus vart øydelagt mot slutten av 300-talet av Ella av Sussex, og ein ny by vart bygd av sonen hans Cissa. Kongen gav byen namn etter seg sjølv, og gjorde han til kongeleg residensby og dermed hovudstad for kongedømet Sussex.

Chichester heldt det romerske gatenettet, og har difor gater som går ut i dei fire himmelretningane frå marknadsplassen. Der står Chichesterkrossen, ein struktur som vart bygd av Edward Story, biskop av Chichester 14771503. Mykje av bymuren er verna.

Chichesterkatedralen er vigd til Den heilage treeininga, og har St. Richard av Chichester sitt helgenskrin. Spiret, som var bygd av svak lokal stein, kollapsa utan forvarsel og vart gjenoppbygd på 1800-talet. I skipet er det restar etter eit romersk mosaikkgolv.

Byen er kjent for den årlege festivalen Chichester Festivities, der det blant anna er teaterframferder.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]