Chicxulubkrateret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Radartopografi syner diameteren til krateret på 180 kilometer. Langs omkrinsen av krateret er det ein sirkel med slukhol.

Chicxulubkrateret er eit nedslagskrater, der den eine halvdelen ligg under jorda inne på Yucatánhalvøya i Mexico, medan den andre halvdelen ligg under Det karibiske havet utanfor halvøya. Sentrum av krateret ligg omtrent ved byen Chicxulub. Undersøkingar har vist at nedslaget fann stad i den siste delen av krittida for om lag 65 millionar år sidan.

Nedslaget og følgjene[endre | endre wikiteksten]

Meteoritten, ein asteroide eller ein komet, reknar ein med må å ha vore omtrent 10 km i diameter og nedslaget skapte enorme tsunamiar som flytta seg i alle retningar. Støv og andre partikler nådde høgt opp i atmosfæren, der dei blokkerte for sollyset. Det påfølgjande, kraftige temperaturfallet overalt på jorda tilsvarar den atomvinteren som ville vorte følgja av ein atomkrig.

Utsletting av dinosaurane[endre | endre wikiteksten]

Tidspunktet stemmer godt overeins med teorien til fysikaren Luis Alvarez og sonen hans, geologen Walter Alvarez, som kan forklare utslettinga av dinosaurane. Dei påstår at det kraftige fallet i talet på artar (òg for andre artar enn dinosaurane) kan ha kome av nettopp ein meteoritt på denne storleiken.

Hovudbeviset ligg i eit tynt, iridiumhaldig lag, som skil laget frå krittida frå laget frå paleogen overalt på jorda (K-T-grensa). Iridium er eit sjeldant metall på jorda, men er vanleg i meteorittar. Ein førestiller seg at hendingsforløpet i samband med nedslaget er heilt eller delvis skuld i at så mange artar gjekk tapt nettopp ved overgangen mellom krittida og tertiærtida. Teorien er i dag akseptert av dei fleste forskarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]