Chiemsee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chiemsee
Chiemsee -
Stad Bayern i Tyskland
Koordinatar 47°53′24″N 12°28′12″EKoordinatar: 47°53′24″N 12°28′12″E
Tilsig Tiroler Achen og Prien
Utsig Alz
Overflateareal 79,9 km²
Største djupne 73 m
Vassvolum 2 048 mill. m³
Kystlengd1 63,96 km
Høgd over havet 518 m
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Chiemsee er ein innsjø i Bayern i Tyskland mellom byane Rosenheim og Salzburg. Han vart stundom kalla «Den bayerske sjøen». Chiemsee får vatn frå elvane Tiroler Achen og Prien, medan vatnet renn vidare ut i Alz. Chiemsee er delt inn i ein større, nordleg del i nordaust kalla Weitsee og Inselsee i sørvest.

Området rundt Chiemsee vert kalla Chiemgau og er ein kjend feriestad.

Chiemsee er òg namnet på eit tysk sportsklesmerke.

Herrenchiemsee, Frauenchiemsee og «Krautinsel»[endre | endre wikiteksten]

Dei to største øyane i Chiemsee er Herrenchiemsee (den største) og Frauenchiemsee, òg kalla Herreninsel og Fraueninsel. Ei tredje og mindre øy heiter Krautinsel, og ho er ikkje busett.

  • På Herrenchiemsee står det mellom anna eit slott bygd av Kong Ludvig II i 1878, som òg heiter Herrenchiemsee. Dette slottet vart aldri gjort ferdig, og det var meininga at det skulle vere ein kopi av Versailles i Frankrike. Mange av dei meir interssante romma i slottet er open for turistar, og slottet og området rundt er open heile sommaren.
  • Frauenchiemsee er den mindre av dei to største øyane og huser eit benediktinarnonnekloster (bygd i 782) i tillegg til ein liten landsby. Nonnene lagar ein likør kalla Klosterlikör.

Bortsett frå dei største øyane finn ein i tillegg tre småøyar:

  • Schalch vest for Frauenchiemsee
  • to holmar utan namn, som ligg 54 og 80 meter sør for Krautinsel med eit areal på 30 m² kvar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Chiemsee

Kjelde[endre | endre wikiteksten]