Chilensk Antarktis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Villa Las Estrellas, den einaste busetnaden i Chilensk Antarktis, om kvelden
Comuna de Antártica.svg

Chilensk Antarktis (spansk Territorio Antártico Chileno) er kravområdet til Chile i Antarktis. Chilensk Antarktis strekkjer seg frå 53 °V til 90 °V og frå Sørpolen til 60°S, og overlappar delvis kravområda til Argentina og Storbritannia. Det vert styrt av Cabo de Hornos kommune på fastlandet i Sør-Amerika.

Antártica er namnet på kommunen som adminsitrerer territoriet. Kommunen Antártica vert styrt av kommunen Cabo de Hornos med sete i Puerto Williams heilt sør i Chile og hyører til Chilensk Antarktis, som er ein del av regionen Magallanes y la Antártica Chilena. Kommunen Antártica vart oppretta 11. juli 1961, og låg under provinsen Magallanes fram til 1975, då Chilensk Antarktis vart oppretta.

I følgje ei folketeljing i 2002 dekkjer Antártica eit område på 1 250 000 kvadratkilometer og har 130 innbyggjarar (115 menn og 15 kvinner). Dette omfattar ikkje personellet i dei ikkje-chilenske basane i området.

Den største busetnaden ligg på King George Island og består av Frei Montalva-stasjonen, som har ein flyplass (Teniente Rodolfo Marsh Martin Aerodrome, ICAO-kode SCRM[1]), med samband til kommunesenteret, landsbyen Villa Las Estrellas.

I nærleiken ligg Professor Julio Escudero-basen, kontrollert av Det chilenske antarktiske instituttet (INACH), under Utanriksdepartementet. Dette er det chilenske hovudanlegget for vitskapleg utforsking av Antarktis.

Captain Arturo Prat-basen er ein chilensk forskingsbase i Antarktis på Greenwich Island. Denne opna 6. februar 1947 og er den eldste chilenske basen i Antarktis. Fram til 1. mars 2006 var han ein base for den chilenske marinen. Fram til februar 2004 var han fast bemanna, men har sidan berre vore bemanna om sommaren som base for meteorologisk og ionosfærisk forsking.

Den einaste permanente chilenske stasjonen på fastlandet i Antarktis (Den antarktiske halvøya), O'Higgins-basen, har vore i drift sidan 18. februar 1948. Han ligg på Puerto Covadonga.

Sesongbaserte chilenske basar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1]
  2. Paul Jeffrey. Cristian Donoso and Claudio Scaletta completes historic journey i Antarktis

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 75°00′S 71°30′W