Chilensk geologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Chile ligg i Andesfjella, men landskapet fell bratt mot ei subduksjonssone ved kysten. Ved kysten finst to landformer som er orientert parallelt med Andesfjella: Valle Central, den sentrale dalen, som er ein graben og eit forland, og Cordillera de la Costa, kystfjella, som er ein horst. Påskeøya og Juan Fernández Archipelago er heiteflekk-øyar i Nazca-plata som rører seg austover. Den antarktiske halvøya i Chilensk Antarktis liknar Andesområdet og blir rekna som ei forlenging av fjella.

Chile har ei rekkje vulkanar. Villarrica og Mount Hudson er aktive. Det store chilenske jordskjelvetden 22. mai 1960 er det kraftigaste jordskjelvet som er målt nokosinne med 9,5 på Momentmagnitude-skalaen. Fire tektoniske plater finst i Chile-området: Antarktis-plata, Nazca-plata, Scotia-plata og den søramerikanske plata. Andesfjellene, Dei chilenske kystfjella og den sentrale dalen går parallelt nord-sør frå Morro de Arica til Taitaohalvøya. Nord for Taitaohalvøya går subduksjonssonen over i Peru-Chile-gropa. Dette er grensa mellom den søramerikanske plata og Nazcaplata. Ved Taitao finst eit trippelpunkt. Nazcaplaten glir under kontinentet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]