Chimamanda Ngozi Adichie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chimamanda Ngozi Adichie

Statsborgarskap Nigeria
Fødd 15. september 1977 (46 år)
Enugu
Yrke lærar, lyrikar, romanforfattar, novelleforfattar, faglitterær forfattar, journalist
Språk ibo
Høgd 1,64 meter
Sjanger dikt, roman
Medlem av American Academy of Arts and Sciences
Religion katolikk
Chimamanda Ngozi Adichie på Commons

Chimamanda Ngozi Adichie (fødd 15. september 1977) er ein forfattar frå Nigeria. Ho har skrive ei rekkje romanar, noveller og sakprosa. Ho vann ein MacArthur Genius Grant i 2008. Fram til 2017 hadde ho gitt ut seks bøker.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Adichie er dtter av den fyrste statistikkprofessoren i Nigeria, James Nwoya, og den fyrste kvinnelege studenten ved universitetet i Nigeria, Grace Ifeoma. Ho vaks opp i ein igbo-familie saman med fem søsken i byen Enugu. Da ho var 19, forlét ho Nigeria for å ta høgare utdanning i USA. Ho begynte på medisin- og farmasistudiet ved Drexel University i Philadelphia. Ho vart deretter overført til Eastern Connecticut State University for å bu nærare systera si som hadde legepraksis i [[Coventry i Connectuct>Coventry]]. Her studerte ho kommunikasjon og vitskap, og fullførte sin bachelorgrad i 2001.  

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Chimamanda fekk sin første roman utgjeven i 2003. Purple Hibiscus blei gitt ut i oktober 2003 på forlaget Workman Publishing Company. I 2006 blei boka omsett til norsk av Mona Lange og gitt ut i Noreg gjennom forlaget Gyldendal Norsk Forlag under namnet Dyprød hibiskus.[1] Boka handlar om ei 15 år gammal jente som heiter Kambili og broren hennar Jaja. Far deira er ein velståande og respektert forretningsmann. Han er også ein fanatisk og djupt religiøs mann. Ein dag blir dei invitert til ei tante der dei for første gang blir introdusert til ein ny verd.[2] Boka er blitt skildra som ein vakker og gripande roman om ein familie i oppløysing. Fleire stader har boka fått høge terningskast, i følgje “ebookbit.no” fekk boka ein sterk 5, sjølv om fleire seier det kan vere vanskeleg å forstå alt i teksten.[3]

Boka En halv gul sol er skriven i 2006 og publisert av Knopf/Anchor. Boka blei filmatisert av dramatikaren Biyi Bandele i 2014. Handlinga finn stad under den nigerianske borgarkrigen (1967-70), vanlegvis kjend som Biafra-krigen. Boka viser korleis krigen påverkar fem ulike personar, tvillingsøstrene Olanna og Kainene, professoren Odenigbo, tenaren Ugwu og engelskmannen Richard. Handlinga krinser rundt Olanna og Kainene som begge har funne kjærleik. Olanna flytter inn med sin store kjærleik Odenigbo, medan Kainene møter engelskmannen Richard. Men når krigen bryt ut blir heim og familiar splitta. Boka kom ut på norsk i 2008, utgjeven av Gyldendal. Omsetjaren av boka var Mona Lange.[4] Boka blei omtalt som ei sterk og stor episk forteljing om redslene frå Biafrakrigen, kjærleikens kraft, svik og forsoning. Ho fekk terningkast fem av bokelskere.no, og terningkast fem av adlibris.com.

Boka Kvelningsfornemmelser var skriven i Nigeria og vart utgitt i april 2009 av forlaget Fourth Estate. Boka blei seinare omsett av Mona Lange i 2010 og blei publisert i Noreg av Gyldendal. Kvelningsfornemmelser er den første novellesamlinga til Chiamanda Aditchie, og har fått god kritikk, mellom anna terningkast 6 av Arne Hugo Støland i VG. Kvelningsfornemmelser fortel mykje om banda som bind kvinner og menn, foreldre og barn saman.

Americanah blei skriven i 2013 og sett om til norsk av Hilde Stubhaug i 2014. Ho blei ein av årets 10 mest selde romanar i Noreg og vann Orange price of fiction i New York. Teksten handlar om Ifemelu og Obinze som forelska seg da dei var tenåringar i Lagos. Men Nigeria er under militært diktatur, og dei som kan forlate landet, gjer det. Vakre og sjølvsikre Ifemelu reiser til Amerika for å studera. Ho opplever nederlag og sigrar, finn og mistar kjærleik og venner, og må forhalde seg til spørsmål om rase. Den stille og ettertenksomme professorsonen Obinze hadde håpa å reise etter henne, men etter terroråtaket mot World Trade Center slepp han ikkje inn i USA. I staden etablerer han eit nytt liv London. Mange år seinare er Obinze ein velstående mann i det nye, demokratiske Nigeria, mens Ifemelu har oppnådd suksess i Amerika som forfatter av ein anerkjend blogg. Da Ifemelu reiser heim igjen til Nigeria og ho og Obinze tek opp att lidenskapane sine – for heimlandet sitt og for kvarandre - står dei overfor dei vanskelegaste valgene dei nokon gong har måtta foreta.

Vi burde alle være feminister var skrive i 2014 og kom på norsk i 2015, omsett av Kari Marstein. Det er eit personleg og velargumenterande essay som stammer frå Adichie sitt populære TED-føredrag med same namn. Ho introduserer leseren for ein unik definisjon av feminisme i det 21. hundreåret, ein definisjon som bygger på inkludering. Når Adichie i høg grad bruker sine eigne opplevingar og si djupe forståing for kjønnspolitikken si ofte tilslørte røynd, utforskar ho kva det vil seie å vere kvinne nett no - ei oppfordring til at alle burde vere feministar.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

År Tildelt Verk Resultat
2002 Caine Prize for African Writing "You in America" Nominert
Commonwealth Short Story Competition "The Tree in Grandma's Garden" Nominert
BBCmeasuring Competition "That Harmattan Morning" Vant
2002/2003 David T. Wong International Short Story Prize (PEN American Center Award) "En halv gul sol Vant
2003 O. Henry Prize "The American Embassy" Vant
2004 Hurston-Wright Legacy Award: Best Debut Fiction Category Dyprød hibiskus Vant
Orange Prize Nominert
Booker Prize Nominert
Young Adult Library Services Association Best Books for Young Adults Award Nominert
2004/2005 John Llewellyn Rhys Prize Nominert
2005 Commonwealth Writers' Prize: Best First Book (Africa) Vant
Commonwealth Writers' Prize: Best First Book (overall) Vant
2006 National Book Critics Circle Award En halv gul sol Nominert
2007 British Book Awards: "Richard & Judy Best Read of the Year" category Nominert
James Tait Black Memorial Prize Nominert
Commonwealth Writers' Prize: Best Book (Africa) Nominert
Anisfield-Wolf Book Award: Fiction category Vant
PEN Beyond Margins Award Vant
Orange Broadband Prize: Fiction category Vant
2008 International IMPAC Dublin Literary Award Herself Nominert
Reader's Digest Author of the Year Award Vant
Future Award, Nigeria: Young Person of the Year category Vant
MacArthur Foundation Genius Grant Vant
2009 International Nonino Prize Vant
Frank O'Connor International Short Story Award Kvelningsfornem-melser Nominert
John Llewellyn Rhys Prize Nominert
2010 Commonwealth Writers' Prize: Best Book (Africa) Nominert
Dayton Literary Peace Prize Nominert
2011 ThisDay Awards: "New Champions for an Enduring Culture" category Herself Nominert
2013 Chicago Tribune Heartland Prize: Fiction category Americanah Vant
National Book Critics Circle Award: Fiction category Vant
2014 Baileys Women's Prize for Fiction Nominert
Andrew Carnegie Medal for Excellence in Fiction Nominert
MTV Africa Music Awards 2014: Personality of the Year Herself Nominert
2015 International Dublin Literary Award Americanah Nominert

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gyldendal Norsk Forlag». 
  2. «Tanum». 
  3. «Ebookbit.com». 
  4. «Gyldendal: En halv gul sol».