Chimes of Freedom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Chimes of Freedom»
song av Bob Dylan
frå albumet Another Side of Bob Dylan
Utgjeve 8. august 1964
Innspelt 9. juni 1964 i Columbia Studios i New York City
Sjanger Folk
Lengd 7:10
Selskap Columbia Records
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Tom Wilson

«Chimes of Freedom» er ein song skriven av Bob Dylan og gjeven ut på albumet hans Another Side of Bob Dylan frå 1964 og produsert av Tom Wilson. Dylan baserte songen på «Chimes of Trinity» av Michael J. Fitzpatrick, ein song som Dylan vart kjent med gjennom Dave Van Ronk, som igjen lærte han av bestemora si.[1] Songen har vorte spelt av mange andre artistar, mellom andre Joan Baez, The Byrds, Bruce Springsteen, U2 og Stephen Stills.[2][3]

Bob Dylan-utgåva[endre | endre wikiteksten]

«Chimes of Freedom» vart skriven tidleg i 1964, kort tid etter albumet The Times They Are a-Changin' kom ut, under ein biltur på tvers av USA.[4] Han vart skriven om lag samstundes med «Mr. Tambourine Man», som har liknande symbolisme påverka av Arthur Rimbaud.[5] Songen vart første gong spelt for publikum tidleg i 1964 i anten Civic Auditorium i Denver den 15. februar,[5] eller i Berkley Community Theater i San Francisco den 22. februar.[6][7]

Songen vart spelt inn den 9. juni 1964 og Dylan nytta sju forsøk før han fekk opptaket som hamna på albumet. Dette var noko rart sidan songen berre var ein av tre han hadde spelt tidlegare føre publikum. Dei fleste andre songane vart gjort på første opptak.[5]

Teksten i songen uttrykket kjensler som songaren får medan han ser på eit torevêr.[4] Torevêret tar over kjenslene til songaren der torebraka vert oppfatta som ringande klokker og lyna som klokkeklang.[4] Til slutt vert syna og lydane på himmelen blanda med tankane til songaren, som ein kan høyre i linjene:

Majestic bells of bolts struck shadows in the sounds,
Seeming to be the chimes of freedom flashing.[8]

I boka Chimes of Freedom: The Politics of Bob Dylan's Art skriv forfattaren Mike Marqusee at songen markerer ein overgang mellom dei tidlegare protestsongane til Dylan og dei seinare meir frittflytande poetiske stilen hans.[9]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

The Byrds spelte inn ei utgåve av «Chimes of Freedom» for debutalbumet deira Mr. Tambourine Man i 1965. Songen var den siste som vart spelt inn for albumet, men innspelinga vart dramatisk då David Crosby fortalte at han ikkje kunne synge songen og måtte forlate studioet denne dagen.[10] Kvifor han måtte dette er ikkje kjend, manageren til bandet, Jim Dickson, nekta Crosby å dra og enda med å sitje oppå brystet til Crosby og fortalte han at den einaste måten han kom til å forlate studioet på var over hans lik.[11] Crosby brast så i gråt, men song til slutt inn vokalen med glimrande resultat.[10] I følgje Dickson song Crosby aldri betre enn dette.[11]

Songen har òg vorte spelt av Joan Baez, Roger McGuinn, Martyn Joseph, The Axis of Justice, Jefferson Starship, The West Coast Pop Art Experimental Band, X, Bruce Springsteen, James Luchak og Stephen Stills.[2] U2 spelte aldri inn songen, men framførde han på fleire konsertar seint i 1980-åra.[3] Senegalesiske Youssou N'Dour sin versjon var gjort om til ein fridomssong for landa i Afrika.[12]

Utgåva til Bruce Springsteen nådde 16. plass på Billboard Hot Mainstream Rock Tracks i 1988, men vart ikkje gjeven ut som singel.[13]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Chimes of Trinity Chimes of Freedom». http://hummingadifferenttune.blogspot.com/2009/03/chimes-of-trinity-chimes-of-freedom-and.html. Henta 19. oktober 2009. 
  2. 2,0 2,1 «Chimes of Freedom». allmusic. http://www.allmusic.com/cg/amg.dll?p=amg&sql=17:259553. Henta 19. oktober 2009. 
  3. 3,0 3,1 «The U2 Setlist Archive». http://www.u2setlists.com/various_dates.shtml. Henta 19. oktober 2009. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Williams, Paul (1990). Bob Dylan Performing Artist: Book One 1960 -1973. Xanadu Publications Ltd.. ISBN 1-85480-044-2. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Heylin, C. (2009). Revolution in the Air. Chicago Review Press. ss. 176-181. ISBN 978-1-55652-843-9. 
  6. Clinton, Heylin (1991). Dylan: Behind The Shades – The Biography Viking Penguin. ISBN 0-670-83602-8
  7. «Bob Dylan Berkeley Community Theater concert poster». Vintage Concert Posters. http://vintageconcertposters.com/_main/Index.cfm?page=api/gallery/photo.cfm&id=220&gid=14. Henta 19. oktober 2009. 
  8. Dylan, Bob (2006). Lyrics: 1962-2001. Simon & Schuster Ltd. ISBN 0-7432-3101-5
  9. Marqusee, Mike (2003). Chimes of Freedom: The Politics of Bob Dylan's Art. The New Press. ISBN 1-85480-044-2
  10. 10,0 10,1 Rogan, Johnny (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited. Rogan House. ISBN 0-9529540-1-X
  11. 11,0 11,1 Rogan, Johnny (1996). Mr. Tambourine Man (1996 CD liner notes)
  12. Williamson, N. (2006). Bob Dylan: The Rough Guide (2nd edition ed.). Rough Guides. s. 219. ISBN 978-1-84353-718-2. 
  13. «Bruce Springsteen Charts og Awards». allmusic. http://www.allmusic.com/artist/bruce-springsteen-p5505. Henta 19. oktober 2009.