Chin Ch'iu-shao

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Chin Ch'iu-shao (kinesisk skrift 秦九韶, pinyin Qín Jiǔshào, Wade–Giles Ch’in Chiu-Shao, ca. 1202–1261) var ein kinesisk matematikar. Han skreiv i 1247 boka Dei ni delane i matematikken, som syner stor dugleik i løysinga av numeriske likningar ved ein metode som vart gløymt, og oppdaga på ny først 500 år seinare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]