China Girl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
China Girl
Singel av David Bowie
frå albumet Let's Dance
B-side «Shake It»
Utgjeve Mai 1983
Innspelt Power Station, New York, desember 1982
Sjanger Rock, pop
Lengd 4:14
Selskap EMI America Records
EA157
Låtskrivar(ar) David Bowie, Iggy Pop
Produsent Nile Rodgers
David Bowie-kronologi
«Let's Dance»
(1983)
China Girl «Modern Love»
(1983)

«China Girl» er ein song skriven av David Bowie og Iggy Pop medan dei budde i Berlin. Songen kom først på ut på Iggy Pop-albumet The Idiot (1977). Han vart lang meir populær då han vart spelt inn på ny og gjeven ut av Bowie på albumet hans Let's Dance (1983). Bowie valte å ta med denne songen då Pop, venen og samarbeidspartnaren, var i økonomiske vanskar (på grunn av narkotikaproblem) og var nær konkurs. Med å gje ut songen på ny, fekk Pop halve honorara for songen og kunne kom seg på fote att økonomisk.

Ei forkorta utgåve av Bowie-versjonen frå 1983 vart gjeven ut på singel. Produsert av Nile Rodgers fekk songen ein langt meir kommersiell glans enn den mørkare og grovare Pop-versjonen.

Songen fekk mykje merksemd på grunn av musikkvideoen som følgde songen. David Mallet filma videoen, hovudsakleg filma i Chinatown-bydelen i Sydney i Australia og på ein husbåt i Sydney Harbour med Geeling Ng liggande naken i bølgjene i lag med Bowie (ein visuell referanse til filmen From Here to Eternity). At ein kunne sjå den nakne rumpa til Bowie i videoen skapte overskrifter i tabloidane. Videoen vann likevel ein pris på MTV award.

Singelen nådde andreplassen i Storbritannia i juni 1983, og låg bak «Every Breath You Take» av The Police. I USA nådde singelen 10. plass og i Noreg ein 7. plass.

Songen vart spelt fast på konsertane til Bowie ut 1980-åra og vart øvd inn for konserten på Live Aid i London i 1985, men vart til slutt droppa frå den framferda. Songen vart igjen spelt på konsertane til Bowie frå 1999 og frametter.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7"[endre | endre wikiteksten]

  1. «China Girl» [Edit] (Bowie, Pop) – 4:14
  2. «Shake It» (Bowie) – 3:49

12"[endre | endre wikiteksten]

  1. «China Girl» (Bowie, Pop) – 5:32
  2. «Shake It» [Re-Mix] (Bowie) – 5:21
  • På den amerikanske utgåva av 12"-singelen, vert «Shake It» kalla «Long Version», men er identisk til den britiske «Re-Mix»

Medverkande (Iggy Pop)[endre | endre wikiteksten]

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Medverkande (David Bowie)[endre | endre wikiteksten]

Produsent[endre | endre wikiteksten]

Musikar[endre | endre wikiteksten]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]