Chioggia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chioggia
Kanal i Chioggia
Kanal i Chioggia
Byvåpenet til Chioggia
Byvåpenet til Chioggia


Plassering
Chioggia is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Veneto
Venezia
Borgarmeister Lucio Fasiolo Tiozzo
Geografi
Flatevidd
 - By

185 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

51 336
  280/km²
Koordinatar 45°13′″N 12°17′″EKoordinatar: 45°13′″N 12°17′″E
Høgd over havet 2 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 30015, 30019, 30010
Telefon-retningsnummer 041
Nettstad: www.chioggia.org

Chioggia er ein kystby i provinsen Venezia i regionen Veneto i Italia med om lag 50 000 innbyggjarar. Han ligg på ei lita øy sør i Venezialagunen, om lag 25 km sør for Venezia. Ei vegfylling går mellom øya og fastlandet og til bydelen (frazione) Sottomarina.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Chioggia og Sottomarina var lite viktig i antikken, men vart nemnd av Plinius som fossa Clodia. Ei lokal segn fortel at byen vart grunnlagd av ein Clodius, men opphavet til dette er ikkje kjend.

Dei første skriftlege kjeldene som nemner Chioggia er frå 500-talet, då byen var ein del av Austromarriket. Chioggia vart øydelagd av kong Pippin av Italia800-talet, men vart bygd opp att rundt ein ny industri som basert seg på saltkjel. I mellomalderen vart sjølve Chioggia kalla Clugia major, medan Clugia minor var ein sandbanke om lag 600 meter lenger ute i Adriahavet. Han vart ein fri kommune og eit bispesete frå 1110, og fekk seinare ei viktig rolle under den såkalla Chioggiakrigen mellom Republikken Genova og Republikken Venezia og vart erobra av Genova i 1378 og av Venezia i juni 1380. Sjølv om byen stort sett var sjølvstyrt var han frå den tid alltid underlagt Venezia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Chioggia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]