Chipping Norton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Chipping Norton

Rådhuset
Rådhuset
Plassering
Chipping Norton is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Oxfordshire
Distrikt West Oxfordshire
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

5 972
Koordinatar 51°56′″N 1°33′″WKoordinatar: 51°56′″N 1°33′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer OX7
Telefon-retningsnummer 0 1608
Nettstad: www.wospweb.com/site/chipping-norton-town-council
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Chipping Norton

Chipping Norton (lokalt kjend som Chippy) er ein by i Oxfordshire i England. Han er den høgastliggande byen i grevskapet, og er mykje vitja av turistar som skal til Cotswolds.

Namneleddet Chipping tyder «marknad», og viser til rolla byen hadde som marknadsstad for Evenlode Valley. I mellomalderen var Cotswolds eit av dei rikaste områda i England på grunn av den store ullproduksjonen, og Chipping Norton voks kraftig på grunn av dette. Mange mellomalderbygningar er bevarte i sentrum, mellom bygningar frå 1700-talet og seinare.

Den frykta landevegsrøvaren James Hird vart fødd i byen i 1616. Han vart avretta for høgforræderi i 1652.

Bliss Mill: 1872 tweedmølla

Etter den industrielle revolusjonen etablerte William Bliss ein moderne tekstilindustri i Chipping Norton. Mølla som han bygde i 1872 er eit viktig landemerke. Ho vart nedlagt så seint som i 1980, og har sidan blitt gjort om til eit luksushotell.

Rollright Stones er eit fornminne rett utanfor byen, som består av to sett steinsirklar. Berre Stonehenge og Avebury reknast som viktigare døme på denne typen fornminne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]