Chloros

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Chloros er eit gresk ord som kan tyda grøn, eller gulgrøn. Det er òg eit gresk etternamn.

Bruk i naturvitskapen[endre | endre wikiteksten]

Chloros er rota til fleire naturvitskaplege ord som har med grønt å gjera, som i namnet på den gulgrøne klorgassen.

I biologien er det brukt om det grøne plantestoffet klorofyll og kloroplastar, organellane som utfører fotosyntesen i plantane og lagar klorofyll. I tillegg blir det brukt i mange samansetjingar i binominale plantenamn for å uttrykka at ein viss del av dei er grøne.

Chloros i bibellæra[endre | endre wikiteksten]

Ordet opptrer òg i Bibelen, mellom anna i openberringa til apostelen Johannes (6:8). Her blir det brukt til å skildra ein hest som skal bringa død og forderving til verda. Dette ordet har skapt store problem for bibelomsetjarar, som må velja om dei skal omsetja bokstaveleg eller velja ein anna farge som betre uttrykker døden. Hesten er derfor blitt skildra både som gul eller bleikgul og grå eller bleik.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]