Cho Oyu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 28°6′N 86°39′E
Cho Oyu
fjell
none  Sørveggen til Cho Oyu sett frå Gokyo i Nepal
Sørveggen til Cho Oyu sett frå Gokyo i Nepal
Land Flag of Nepal.svg Nepal, Flag of the People's Republic of China.svg Kina
Fjellkjede Mahalangur Himal, Himalaya
høgd 8 201 moh
skardhøgd 2 340 m
dominans 29,05 km → Mount Everest
koordinatar 28°6′N 86°39′E
Lettast tilkomst Klatring opp nordvestsida
Førstestiging av Herbert Tichy, Joseph Jöchler, Pasang Dawa Lama
 - dato 19. oktober 1954
Topografic map of Tibetan Plateau.png
Locator Red.svg

Cho Oyu (òg Qowowuyag; tibetansk jo-bo-dbu-yag; kinesisk 卓奥友山 Zhuó'àoyǒu Shān) er eit 8 188 m høgt fjell i Himalaya; det sjette høgste på jorda. Fjellet ligg på grensa mellom Nepal og Den autonome regionen Tibet, 20 km vest for Mount Everest og Lhotse, og utgjer den vestlegaste hjørnepillaren i massivet Mahalangur Himal på Himalayas hovudkam.

Nordsida sett frå Tingri i Tibet
Toppområdet

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet kjem truleg av dei tibetanske orda chomo («gudinne») og yo («turkis»), og frå den tibetanske sida blir fjellet ofte farga av eit turkis ettermiddagslys. Denne tydinga er rett nok ikkje sikker. Førsteklatraren Herbert Tichy fekk høyre av ein lama i Namche Bazar at namnetydinga var «stort hovud». Heinrich Harrer gjekk ut frå at namnet på fjellet var cho-i-u («gudehovud»); på tidlege kart var namnet fonetisk likt Cho Uyu. Den alternative omsetjinga frå tibetansk «bar/skalla gud» blir støtta av ei legende som seier at den hårlause guden Cho Oyu vendte ryggen til gudinnemora Chomolungma fordi han vegra seg mot å gifte seg med henne.[1]

Klatrehistorikk[endre | endre wikiteksten]

Det første forsøket på å klatre fjellet blei gjort i 1952 av ein engelsk ekspedisjon leia av Eric Shipton som var i området for å forebu set for Mount Everest året etter. Edmund Hillary og George Lowe måtte avbryte forsøket på grunn av tekniske problem og rasfare under ein sérac over 6 650 m. I tillegg gjorde ein rapport om kinesiske troppar rett over grensa at Shipton valde å trekke seg tilbake i staden for å forsøke på nytt.[2]

Edmund Hillary fann i 1952 ut at fjellet kunne klatrast over nordvestsida, og 19. oktober 1954 lukkast ein austerriksk ekspedisjon leia av Herbert Tichy å nå toppen over denne ruta. I tillegg til leiaren var Joseph Jöchler og sherpaen Pasang Dawa Lama på topp-punktet. Cho Oyu var det femte fjellet på over 8000 meter som vart klatra, etter Annapurna I i juni 1950, Mount Everest i mai 1953, Nanga Parbat i juli 1953 og K2 i juli 1954.

Cho Oyu er er med 2783 personar på toppen (per 2010) den mest klatra 8000-meteren etter Mount Everest.[3] Grunnen er at normalruta høyrer til dei klatreteknisk enklaste rutene til ein topp over 8000 meter. Med eitt dødsfall pr 65 vellukka toppforsøk[3] har Cho Oyu den lågaste risiko av alle 8000 meterstoppane.

4. mai 1993 blei Eirik Tryti den første nordmannen som klatra toppen. Han gjekk utan medbrakt oksygen og utan hjelp av berarar/sherpaer. I 2004 blei Tormod Granheim første nordmann som køyrte ski ned fjellet. Før skituren klatra han frå Advanced Base Camp og til toppen på 13 timar, aleine og utan medbrakt oksygen.

I september og oktober 2001 klatra den norske ambientkunstnaren Geir Jenssen fjellet og tok under oppstiginga feltopptak av natur- og miljølydar. Opptala blei publisert i 2006 under tittelen Cho Oyu 8201m – Field Recordings From Tibet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Herbert Tichy: Cho Oyu - Gnade der Götter. Ullstein, Wien 1955.
  • Toni Hiebeler: Berge unserer Erde. Süddeutscher Verlag, Stuttgart 1974
  • Karl Ziak: Der Mensch und die Berge. Verlag Das Bergland-Buch Salzburg 1983
  • Fritz Rudolph: Chomolungma und ihre Kinder. Sportverlag, Berlin 1986
  • Steve Razzetti & Victor Saunders: Nepal. Trekking and climbing. Interlink Pub, London 1998

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Richard Sale/John Cleare: On Top of the World. Die 14 Achttausender: Von den Erstbesteigungen bis heute. BLV, München 2001, s. 102.
  2. Hillary, Edmund (1955). High Adventure. Bloomsbury. ss. 79,80. ISBN 0-7475-6696-8. 
  3. 3,0 3,1 Sjå Nations statistics og Fatalities table på 8000ers.com, henta 9. juli 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Cho Oyu

Teksten er basert på artiklane Cho Oyu frå Wikipedia på tysk og Cho Oyu frå Wikipedia på engelsk slik dei var 9. juli 2012.