Chogolisa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chogolisa
Chogolisa til venstre, sett frå toppen av K2

Chogolisa til venstre, sett frå toppen av K2

Høgd over havet 7 668 m
Område Pakistan
Fjellområde Fjellkjeda Masherbrum i Karakorum
Dominans 16,51 km → Hidden Peak (Gasherbrum I)
Skardhøgd 1 624 m ↓ Conway-sadelen
Koordinatar 35° 36′ 44″ N, 76° 34′ 15″ AKoordinatar: 35° 36′ 44″ N, 76° 34′ 15″ A
Chogolisa (China)
Chogolisa
Førsteklatring Fred Pressl og Gustav Ammerer, 2. august 1975

pd5

Chogolisa er eit 7 668 m høgt trapesforma fjell i fjellkjeda Karakorum i den autonome pakistanske regionen Gilgit-Baltistan.

Dei to toppane på fjellet, sørvesttoppen (7 668 m) og nordausttoppen 7 654 m, er knytt saman av ei nesten vassrett egg. Nordausttoppen blir òg kalla Chogolisa II og William Martin Conway omtala den som Bride Peak. Chogolisa høyrer til Masherbrum-fjella, ei fjellkjede i Vesle Karakorum sør for Baltoro-breen. Referansetoppen for Chogolisas skardhøgd er Hidden Peak i den nærliggande kjeda Baltoro Muztagh og ikkje det høgste fjellet i Masherbrum-kjeda, Masherbrum, som ein kanskje skulle tru.

Klatrehistorikk[endre | endre wikiteksten]

Ein ekspedisjon under leiing av Luigi Amadeus, hertug av Abruzzo, nådde ei høgd på knappe 7 500 m før dårleg vêr tvinga deltakarane til retrett. Base Camp for desse første toppforsøka blei oppretta på nordsida av fjellet, ein høgfjellsleir låg på Chogolisasadelen, 6 335 m.

Hermann Buhl og Kurt Diemberger gjorde eit forsøk på Chogolisa i 1957 etter at dei saman med Marcus Schmuck og Fritz Wintersteller hadde lukkast i å førsteklatre Broad Peak. 27. juni fall Buhl frå om lag 7 300 m på nordveggen då ein snøskavl brast. Kroppen hans blei aldri funne.

I 1958 nådde M. Fujihira og K. Hirai, medlemar av ein japansk ekspedisjon frå universitetet i Kyoto toppen av Chogolisa II.

Ein austerriksk ekspedisjon under leiing av Eduard Koblmüller nådde med klatrarane Fred Pressl og Gustav Ammerer hovudtoppen på Chogolisa 2. august 1975. Under nedstigninga var Koblmüller nær ved å lide same lagnad som Hermann Buhl, men redda livet takka vere at han gjekk i tau då en skavl brast under han.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Teksten er omsett frå artikkelen Chogolisa på Wikipedia på tysk slik den var 28. juni 2012.