Chopok
| Chopok | ||
|---|---|---|
|
|
||
| Høgd over havet | 2024 moh | |
| Ligg i/på | ||
| Fjellkjede | Låge Tatra | |
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Lettaste rute | til fots | |
Chopok er det nest høgaste fjellet i Låge Tatra (etter nabofjellet Ďumbier) med ei høgd på 2024 moh i det sentrale Slovakia. Frå toppen er det panoramautsikt mot Høge Tatra, Liptov og Hrondalen. Det ligg ei hytte, Kamenná chata, nær toppen.
Innhaldsliste |
[endre] Tilkomst
Chopok ligg langs vandringsruta E8 mellom toppane Ďumbier og Dereše. I tillegg til denne aust-vest-stien, kan ein nå fjellet på stiar frå både nord (Demänovská dolina-dalen) og sør (Trangoška og Srdiečko). Eit stykke oppover går det stolheis til Chopok úboč (1834 moh) på nordsida og Kosodrevina (1494 moh) på sørsida.
[endre] Klima
Middeltemperaturen er -1 °C og den høgaste registrerte temperaturen 18 °C og den lågaste registrerte er -27 °C.[1] Middeltemperaturen i januar er -8 °C og i juli 6 °C. Chopok er den mest vindfulle vêrstasjonen i Slovakia.
[endre] Skisport
Det finst skiløyper på både nord- og sørsida av fjellet. Det ligg tre skiområde på nordsida med totalt 21 km med skiløyper, ei kabelvogn, fire stolheisar og ni skiheisar.[2] På sørsida finst det to stolheisar og fire skiheisar. Fjellet er populært for frikøyring.[3] I tillegg ligg Jasná skisenter på nordsida av Chopok og Srdiečko og Tále på sørsida.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Chopok» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: