Chris Leslie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chris Leslie
Chrisl.jpg
Chris Leslie 2010
Fødd 15. desember 1956, Banbury i Oxfordshire i England
Instrument Fiolin, mandolin, bouzouki, ukulele, dulcitar, oud, fløyte, portugisisk gitar
Sjanger Folk, folkrock
Aktive år 1973 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar, plateprodusent
Tilknytte artistar Fairport Convention, Albion Band, Feast of Feles, St Agnes Fountain, Whippersnapper
Nettstad www.fairportconvention.com/
Kjende instrument
Chris Leslie Signature 'F Model' Ozark Mandolin

Christopher Julien Leslie (fødd 15. desember 1956) er ein engelsk folkrockmusikar.

I 1969 byrja han å lære seg fele og baserte seg på felespeligna til Dave Swarbrick i Fairport Convention, Peter Knight frå Steeleye Span og Barry Dransfield.

Leslie gjorde den første innspelinga si 16 år gammal med eit Banbury-basert folkrockband og hadde så ein karriere i viseklubbar saman med broren John. Dei spelte inn det første albumet sitt, The Ship Of Time i 1976. I denne perioden spelte han òg fele for The Hookey Band og eit medlem av morris-dansarane i Adderbury. På denne tida vart han òg kjend med Dave Pegg frå Fairport Convention.

1981-1983 studerte Chris Leslie felebygging hos Patrick Jowett på Newark School of Violin Making i Nottinghamshire i England. I dag spelar han på den andre fela han lagde på Newark på scenen med Fairport Convention og andre band.

Sidan den gong arbeidde han med Whippersnapper, the Albion Band, All About Eve, Simon Mayor og Ian Anderson (frå Jethro Tull).

Leslie på Fairport Convention's Cropredy Festival Oxfordshire, 14. august 2004

I 1997 vart han medlem av Fairport Convention som songar og multi-instrumentalist. Han har spelt inn tre soloalbum, The Flow, The Gift og Dancing Days (2004). Ved første åsyn ser Dancing Days ut til å vere eit Fairport Convention-album med Simon Nicol, Dave Pegg, Ashley Hutchings og Ric Sanders. Ingen av artistane spelar derimot i lag samstundes.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • The Flow (1997)
  • The Gift (1999)
  • Dancing Days (2004)

Med Steve Ashley

  • The Test of Time (1999),
  • Everyday Lives (2001)
  • Live In Concert (2006).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]