Christa Kinshofer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christa Kinshofer


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 24. januar 1961 (63 år)
München
Idrett alpint
Tok del i

Alpint under Vinter-OL 1988 – Storslalåm kvinner, alpine skiing at the 1980 Winter Olympics – women's slalom, Alpint under Vinter-OL 1988 – Slalåm kvinner

Christa Kinshofer (fødd 24. januar 1961) er ein tysk tidlegare alpin skirennar frå München som i tida 1980-88 vann tre OL-medaljar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kinshofer vann fem storslalåmrenn i Verdscupen i alpine greiner 1979, frå desember 1978 til mars 1979, og vann dermed pokalen som viste at ho var verdas beste kvinnelege storslalåmrennar i den sesongen. Sidan vann ho i verdscupen ei kombinasjonstevling i januar 1981 og eit slalåmrenn i desember 1987.

Under dei olympiske leikane 1980 i Lake Placid vart ho nummer fem i storslalåm, og tok så sølvmedaljen i slalåm, Hanni Wenzel var det ingen som kunne hamle opp med i korkje øvingane. To år seinare vart Kinshofer nummer ni i storslalåm under alpin-VM 1982 i Schladming.

Kinshofer sleit med skadar utover på 1980-talet. Ho kom på kant med det tyske skiforbundet og i fire sesongar, 1984-87, representerte ho Nederland.

Etter ho kom tilbake til det tyske forbundet i 1987, lukkast Kinshofer både i storslalåm og i slalåm under Vinter-OL 1988 i Calgary. I storslalåm vann ho sølvmedaljen, dagen etter var ho nær å ta ein ny sølvmedalje i slalåm, men enda opp med bronsen. Sveitsiske Vreni Schneider var det ingenting å gjere med i begge tevlingane.

Kinshofer la opp som alpinist ved sesongslutt i 1988.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]