Christen Christensen (1845–1923)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om norske forretningsmannen. For andre personar, sjå Christen Christensen.

Christen Christensen (9. september 184516. november 1923) var ein norsk forretningsmann og skipsreiar. Han overtok i 1868 skipsverftet Rødsverven, seinare 'Framnæs Mekaniske Værksted'. Christensen var sentral i utviklinga av av kvalfangsten i Antarktis, mellom anna kosta han to kvalfangstekspedisjoner til Antarktis i 1892-94 («Jason»-ekspedisjonane).

Han var far til Lars Christensen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Christensen var fødd i Sandefjord, og var son til ein skipsreiar. Etter ei tid på kostskule i Skottland, byrja han 17 år gammal på Handelsakademiet i København.

23 år gammal tok han over styringa av skipsverftet på Rødtangen i Sandefjord, etter mor si som då var enke. Ti år seinare vart Christensen einegeigar av verftet. I 1892 kjøpte han Sandefjord Mekaniske Verksted, og slo dette saman med Rødsverven til skipsbyggeriet Framnæs Mekaniske Værksted.

På ein auksjon kjøpte Christensen firmaet Shields & Værge for småpengar. Dette selskapet hadde drive kvalfangst og fiske i Nord-Atlanteren, men denne verksemda hadde siste åra gått med tap. Christensen var kjend med at det fanst bestandar av i kval i sørlege farvatn.

Saman med skipperen Carl Anton Larsen utrusta han ein ekspedisjon til Antarktis, for å leite etter kval og sel. Den 3. september 1892 forlet barken "Jason" Sandefjord, Carl Anton Larsen var skipper på denne fyrste norske ekspedisjonen til Antarktis. På ferda oppdaga ekspedisjonen Robertsonøya. Larsen ville finne ut om vulkanen på øya var aktiv, så han gjekk til topps på ski. Vulkanfjellet gav han namnet Mt. Christensen.

I 1897 grunnla Christensen selskapet A/S Oceana i Sandefjord, saman med forretningsmannen Carl Lindenberg, på vegne av firma Woltereck & Robertson i Hamburg. Selskapet kjøpte og bearbeidde sel- og kvalolje det handla med skipa som Christensen eigde. Oceana var den største aktøren i kvalfangsten, dei fyrste åra av det 20. hundreåret.

Christensen grunnla i 1903 endå eit selskap som skulle drive kvalfangst, no i Nord-Atlanteren; A/S Ørnen. På skipsbyggeriet Framnæs fekk han bygt om skipet "Admiralen" til eit flytande fabrikkskip. Etter å ha drifta i Grønlandshavet ei kort tid, vart fabrikkskipet sendt til Antarktis hausten 1905. Nyvinninga med fabrikkskip revolusjonerte kvalfangsten, noko som på lang sikt gjorde store utslag på bestandane av storkval.

«Verkseier» Christen Christensen døydde i Sandfjord i 1923, og vart gravlagd i Sandsherred.

Christensen Nunatak i Graham Land i Antarktis er kalla opp etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]