Christen Mølbach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Christen Mølbach (8. november 17667. juli 1834) var ein kjøpmann, eidsvollsmann og stortingsmann.

Mølbach var fødd i Kristiansand, der faren var kjøpmann. Sjølv var han ei tid sorenskrivarfullmektig, men tok så til som kjøpmann i Eigersund.

I 1814 var han utsending frå Stavanger amt til riksforsamlingaEidsvoll. Han slutta seg der til unionspartiet. Ti år seinare var han stortingsrepresentant frå same amtet. Han var då medlem av Lagtinget, og mellom anna av justiskomiteen.

Mølbach døydde i Eigersund i 1834.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]