Christian Adolph Diriks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christian Adolph Diriks

Christian Adolph Diriks (11. november 177516. desember 1837) var ein dansk-norsk jurist som var utsending til riksforsamlingaEidsvoll i 1814.

Diriks var fødd i København. Han byrja sturdere i 1790, og stod til cand. jur. i 1795. Frå 1799 arbeidde han ved hoff- og stadsretten i København. År 1806 vart han tilsett assessor i Kristiansands stiftsoverrett. 1809 var han prisekommissær for den engelske konvoien som vart innteken til Kristiansand. Han var byfut og sorenskrivar i Laurvig frå 1812.

Dei 24 stemmerettsføre i Larvik valde Diriks til representant på riksforsamlinga under eit møte i kyrkja den 4. mars 1814. På Eidsvoll høyrde han til sjølvstendepartiet, og sat i reglementskomitéen og konstitusjonskomitéen. Han var såleis ein av dei som redigerte utkasta til Grunnlova, og han hadde stor innverknad på dette arbeidet.

Diriks var også med på det overordentlege stortinget 1814, men då som representant frå Kristiania. 18. november 1814 vart han statsråd i den nydanna regjeringa, som sjef for politidepartementet (seinare kalla justis- og politidepartementet). Dette embetet hadde han fram til 1825. Han vart då flytta over i kyrkje- og undervisingsdepartementet. Dette departementet var han sjef for fram til 1836, då han under ei politisk krise vart tvinga til å søke avskjed.

På sine eldste dagar gjekk Diriks mot feiringa av grunnlovsdagen 17. mai, då han meinte det var ein provokasjon mot Sverige.

Christian Adolph Diriks var far til fyrdirektøren og teiknaren Carl Fredrik Diriks. Han døydde i Kristiania.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]