Christian Anfinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christian Anfinsen (1950)

Dr. Christian Boehmer Anfinsen, Jr. (26. mars 191614. mai 1995) var ein norsk-amerikansk kjemikar som i 1972 mottok Nobelprisen i kjemi for forskinga si vedrørande ribonuklease, særskilt sambandet mellom aminosyre-sekvensar og biologisk aktiv konformasjon.

Anfinsen vart fødd i Monessen i Pennsylvania, der han voks opp i ein norsk-amerikansk familie. I 1937 oppnådde han bachelorgrad ved Swarthmore College, mastergrad i organisk kjemi ved University of Pennsylvania i 1939, og vart kreert Ph.D. i 1939 ved Harvard University.

I 1961 viste han at ribonuklease kan ombrettast etter denaturering og likevel oppretthalda enzym-aktivitet. Derved utleidde han at all informasjon som trengst for at proteinet skal kunna oppnå den endelege konformasjonen sin ligg koda i den primære strukturen til proteinet.

Han konverterte til ortodoks jødedom ved å gjennomgå giur-prosessen.

Christian B. Anfinsen trykkjar hand med Jimmy Carter, 1980. Foto: Libby Anfinsen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

.