Christian Bjelland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Christian Bjelland (fødd 29. januar 1954) er ein norsk næringslivsleiar, kunstsamlar og tidlegare styreleiar ved Nasjonalmuseet for kunst.

Bjelland er utdanna ved Dartmouth College (AB '76) og Harvard Business School (MBA '78). Han har hatt stillingar som styreleiar i Kværner ASE, nestleiar i styret i Den norske Bank ASE og styremedlem ved Oslo Børs. Bjelland har òg vore styreleiar ved Rogaland kunstmuseum (1990-1998), Museet for Samtidskunst (1994-2000) og vart i 2000 oppnemnd av Kulturdepartementet som leiar for interimsstyret for «Prosjekt nasjonalt kunstmuseum». Ved skipinga av Nasjonalmuseet for kunst i januar 2003 vart Bjelland oppnemnd som styreleiar, eit verv han hadde fram til oktober 2008.

Bjelland vart i 1994 utnemnd til riddar av 1. klasse av «Finlands kvite roseorden» og i 2005 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Same år vart han utnemnd til kommandør av «Finlands løveorden».[1] Bjelland er honorærgeneralkonsul for Finland.

Han er gift med Teresita Alvarez. Dei har to born.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]