Christian Braunmann Tullin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christian Braunmann Tullin

Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. september 1728
Christiania
Død

21. januar 1765 (36 år)
Christiania

Yrke lyrikar, skribent, forretningsdrivande, rådmann
Christian Braunmann Tullin på Commons

Christian Braunmann Tullin (6. september 17282. januar 1765) var ein norsk diktar og forretningsmann.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Christian Braunmann Tullin (fødd og død i Christiania) var son av Guldbrand Hansen og Ragnhild Olsdatter Deli, middelklasse borgarfolk, men akta. Døypenamnet fekk han etter overrettsassessor Christian Braunmann, medan etternamnet Tullin skal ha vore etter faren sin fødestad, Tullia i Ringebu i Gudbrandsdalen. Han var gift med Mette Kruchow som han fekk fleire barn med, blant anna sonen Claus Tullin.

Tullin byrja å studere i 1745, takka vere stiftsprost Gunder Tøgersen Weggersløf, som antakeleg også leia Tullin si merksemd mot engelsk litteratur, som snart kom til å påverke han. Faren døydde før Tullin byrja å studere, men farsarven var tilstrekkeleg til å gi sonen gode vilkår i studentåra. Medan han førebudde seg til den filosofiske eksamen, lærde han fransk, tysk, musikk og teikning. Han lét seg rettleie i teologi av ein lærd prest, Christen Nold i Karrebæk på Sjælland, og tok teologisk eksamen i 1748. Etter avslutta eksamen drog han tilbake til Christiania for godt. Her øvde han seg på å framføre preiker, men på grunn av vanhelse gav han opp alle tankar på eit geistleg embete. I staden låg han seg etter jussen og det utan å ta nokon eksamen. Snart overtok han ein fabrikk ved Lysaker som produserte spiker, stivelse og pudder. I 1759 vart Tullin vald til tollinspektør av Det akershusiske Toldsocietat, og året etter fekk han jobb som viserådmann. I 1763 vart han vald til rådmann i Christiania og ikkje lenge etter fekk han i tillegg jobben som tolldirektør. To år seinare, i 1765, døydde han av brystsjukdom.

Tullin som diktar[endre | endre wikiteksten]

Tullin var i tillegg til forretningsmann, diktar, og i ein kort periode både Danmark og Noreg sin mest feira såleis. Arbeidet til Tullin bestod for det meste av leilegheitsvers, skrive ved høve i Christiania eller ved prisoppgåver sett opp av Selskabet for de skjønne Videnskaber. Han prøvde seg for fyrste gong som diktar i 1749, men slo ikkje gjennom før i 1758 då han gav ut sitt berømte dikt Maidagen, i høve eit bryllaup i Christiania. Diktet til Tullin vakte oppsikt og i København vart diktet trykt opp fleire gonger. Diktet vart omsett til Tysk av Cramer og fekk til og med Gotthold Eprhaim Lessing si anerkjenning i den grad at han skal ha uttalt at det neppe fanst eit slikt bryllaupsdikt i den tyske litteraturen.

Tullin vart rosa for dikta sine, og i 1761 og 1764 vart prisdikta om Sjøfarten og Skabningens Ypperlighed trykte; det siste reknast av mange som hans hovudverk. Då han i 1764 gjorde ei forretningsreise til København saman med vennen James Collett, vart han motteken med dei største æresattestar. Men Tullin si dikting fekk ein brå slutt, for han døydde året etter. Han var då i ferd med å gje ut sine samla verk, men rakk ikkje å gjennomføre det. Etter at han døydde, vart verka utgitt i tre band (1770-1773). Tullin si anerkjenning var kortvarig, men han hugsast i Noreg for å vere blant ein av dei fyrste norske diktarar som også fekk anerkjenning i utlandet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]