Christian Bretteville

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christian Zetlitz Bretteville måla av Knud Bergslien

Christian Zetlitz Bretteville (17. november 180024. februar 1871) var ein norsk offiser, embetsmann og politikar.

Bretteville var fødd i Stavanger. Han vart student i 1821 og cand. jur. i 1826. Frå 1828 var han tilsett i Finansdepartementet, byråsjef 1836. 1839 var han ekspedisjonssekretær i avdelinga for det indre og 1840 for finansane. Frå 1842 var han borgarmeister i Christiania.

Bretteville var ordførar i hovudstaden 1841-42. På Stortinget 1848 representerte han Christiania og Lillehammer, der han var medlem av budsjettkomiteen og formann i komiteen om den dansk-tyske krig og om statslån, medlem av komiteen om pengekrisa og skattestellet i byane.

Våren 1850 fekk Bretteville plass i statsrådet som sjef for Finansdepartementet, seinare styrte han Indredepartementet i fleire periodar frå 1854 til han døydde i 1871. Han var konstituert statsminister i Stockholm frå 16. desember 1858 til juni 1859 og atter ei tid i 1861.

Bretteville mottok storkors av St. Olavs Orden i 1863. Han døydde 1871 i Christiania med han var indreminister.

Brettevilles gate i Oslo er kalla etter han.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914