Christian C. Paus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christian C. Paus

Fødd18. oktober 1800
Skien kommune
Død8. april 1879 (78 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, dommar, jurist
MorJohanne Plesner
FarOle Paus
Alle verv

Christian Cornelius Paus (18. oktober 18008. april 1879) var ein norsk jurist, embetsmann og politikar. Han var fødd i Gjerpen, son av den rike skipsreiaren og forretningsmannen Ole Paus. Sjølv var han var onkel til Henrik Ibsen.

Paus tok norsk juridisk eksamen i 1826. Allereie frå 1822 var han tilsett i marinedepartementet, fullmektig 1826-36. Han var fut i Lister frå 1836, og byfut i Skien 1847-74. I tillegg til embetet som byfut var Paus også politimeister, byskrivar (dommar) og magistrat.

1848 var Paus innvald på Stortinget som 2. representant frå Lister og Mandals amt. Han var medlem av Lagtinget, gasje- og pensjonskomiteen og justiskomite nr 3. Seinare var han 1. representant frå Skien 1857, på omframstortinget 1858 og Stortinget 1859-60. Medlem av gasje- og pensjonskomiteen 1857 og 1859-60, fengselslovkomiteen 1857, finanskomiteen 1858 og Lagtinget 1857-60.

Paus var eigar av storgarden Rising i Gjerpen, der han var fødd og der han døydde i 1879. Han var riddar av St. Olavs Orden. Byfogd Paus gate i Skien er kalla opp etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]