Christian Frederik Berg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christian Frederik Berg
Fødd6. november 1833
Øksnes kommune
Død16. august 1908 (74 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkehandelsmannn, politikar, bonde, lensmann
Alle verv

Christian Frederik Berg (6. november 183316. august 1908) var ein norsk gardbrukar, handelsmann, lensmann og stortingsmann frå Bjørnør.

Berg var son til ein sokneprest. Sjølv var han frå 1858 gardbrukar og handelsmann på Sør-Kråkøya i Roan sokn i Bjørnør prestegjeld i Sør-Trøndelag frå 1858. Dessutan var han postopnar og dampskipsekspeditør. Han var bankkasserar frå 1864. Frå 1882 var han lensmann i heradet.

Berg var medlem av heradsstyret i Bjørnør 1866-87 og ordførar fram til 1882. Han var forlikskommissær frå 1865 og formann i dei to matrikuleringskommisjonane for Bjørnør, 1864-69. Elles var han medlem av sildelovskommisjonen 1887-89 og kommisjonen om brannkasse 1897.

Berg var 3. varamann til Stortinget 1871-73 frå Søndre Trondhjems amt. Han møtte då frå 20. mai 1873. Fast representant frå same amtet 1874-76 og 1880-82. Den første perioden var han medlem av næringskomite nr 2, i den siste av næringskomite nr 1. Berg var ein moderat høgremann.

Han døydde i Kristiania i 1908.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]