Christian Fredrik Michelet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christian Fredrik Michelet

Fødd23. juni 1863
Oslo
Død25. juli 1927 (64 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, advokat
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
VervNorsk utanriksminister 21. juni 1920–22. juni 1921
FøregangarNils Ihlen
EtterfylgjarArnold Christopher Ræstad
VervNorsk utanriksminister 6. mars 1923–30. mai 1923
FøregangarJohan Ludwig Mowinckel
VervNorsk utanriksminister 30. mai 1923–25. juli 1924
EtterfylgjarJohan Ludwig Mowinckel
VervStortingsrepresentant 1910–1912, 1913–1915, 1916–1918, 1919–1921]
VervOrdførar i Bærum 1898–1909
Alle verv

Christian Fredrik Michelet (23. juni 186325. juli 1927) var ein norsk advokat, Høgre-politikar og utanriksminister. Han var fødd i Christiania. Faren var offiser, som forfedrane hans hadde vore. Carl Michelet var farbror hans.

Jurist og forretningsmann[endre | endre wikiteksten]

Grunna svak helse gjekk ikkje Michelet offisersvegen. Han vart i staden student frå 'Aars og Voss skole' i 1882 og cand. jur. i 1886. Etter ei utanlandsreise var han fullmektig hos sorenskrivaren i Vinger og Odalen, og deretter advokatfullmektig hos Nils Nicolaysen i Kristiania. I 1890 opna han eigen advokatpraksis i Kristiania saman med Edmund Harbitz. Firmaet vann seg godt ry, og Michelet fekk fleire leiande stillingar i norsk næringsliv. Blant anna var han styreleiar i A/S Elektrisk Bureau frå 1896 og Toftes Cellulosefabrik frå 1897. Frå 1910 var han styreformann i Den norske Creditbank i seks år.

Stortingsmann[endre | endre wikiteksten]

I 1894 kjøpte Michelet eigedomen Birkeli på Fornebu i Bærum. Frå 1897 var han med heradsstyret i Bærum og fekk sete i formannskapet. Han vart ordførar i 1899, ein posisjon han hadde til 1910. Perioden 1910-19 var han innvald til Stortinget frå Bærum og Follo krins. I den fyrste valbolken, 1910-12, var han sekretær i Odelstinget og formann i protokollkomiteen. Perioden 1913-15 var han medlem av sosialkomiteen. Han var medlem av utanrikskomiteen 1916-20 og militærkomiteen 1917-18. Frå 1919 formann i konstitusjonskomitéen og medlem av fullmaktskomiteen.

Utanriksminister[endre | endre wikiteksten]

Michelet vart utanriksminister då Høgre-leiaren Otto Bahr Halvorsen i 1920 danna si fyrste regjering. Han vart då mykje oppteken av å betre handelsrelasjonane til vinproduserande land etter Noreg i 1919 hadde innført forbodspolitikken i alkoholspørsmålet. Det lukkast han å få i stand ein handelsavtale med Frankrike. Elles avviste han Danmark sine krav om at Noreg skulle godkjenne Danmarks herredømme over heile Grønland (sjå Grønlandssaka).

Michelet vart også utanriksminister i Otto Bahr Halvorsens andre regjering i 1923, og heldt fram som utanriksminister i Regjeringa Berge 1923-24. I denne perioden leia han forhandlingane med Danmark som munna ut i ein avtale om Aust-Grønland i 1924. Medan statsminister Halvorsen låg dødssjuk, frå 24. mars til han døydde 30. mai 1923, var Michelet fungerande statsminister.

Etterrakst[endre | endre wikiteksten]

I juli 1926 vart Michelet samt seks andre medlemmer av Berge-regjeringa stilt for riksrett på grunn av regjeringa si støtte til Handelsbanken. Alle dei tiltalte vart frifunne den 25. mars 1927. Sommaren same året døydde Michelet av vådeskot heime på Birkeli i Bærum, etter at ei patron hadde kilt seg i salongrifla han brukte til å skremme fuglar vekk frå eigedomen.[1]

Carl Joachim Hambro kallar Michelet ein «romantiker», i si framferd var han «en utpræget type for the leisured class som i Norge er så sjelden, kanskje dens sidste fremragende type».[2] Mellom representantane på Stortinget var han kjent for si aktløyse og sine flåsete kommentarar. Men han kunne vere veltalande når det handla om saker han interesserte seg for.[1]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Gjerløw (1940).
  2. Hambro (1937).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Olaf Gjerløw: «Christian Fredrik Michelet», i Norsk biografisk leksikon, 1. utgave, bind IX, 1940.
  • Hambro, Carl Joachim: Portræter og profiler. Oslo: Aschehoug, 1937.
  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]