Christian Havig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christian Havig

Christian Havig. Illustrasjon frå Verdens Gang, 1885.
Fødd4. april 1825
Namsos
Død10. april 1912 (87 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
BarnFredrik Havig
Alle verv

Christian Møinichen Havig (4. april 182510. april 1912) var ein lensmann, gardbrukar og stortingsrepresentant, fødd på garden Havika i Overhalla i Namdalen. Christian Fredrik Havig var sonen hans.

Havig var fødd i Overhalla, men familien flytta til Vikna då han var i barneåra. Han fekk lite undervisning utanom omgangsskulen. På eiga hand lærde han seg så mykje at han fekk arbeid på kontoret hos lensmannen i Nærøy og Vikna. Seinare, 1848, vart han tilsett hos slektningen, lensmann Jørgen Havig i Namsos. I 1854 kom Havig med i Namsos bystyre, i 1858 ordførar i byen og forlikskommissær 1856-58.

År 1858 vart Havig sett til lensmann i Vefsn i Nordland. Denne stillinga hadde han heilt til 1904, då vart han etterfylgd av sonen Thorleiv N. Havig. Allereie i 1859 vart han medlem av heradsstyret i Vefsn, ordførar 1905. Elles var han forlikskommissær 1859-66 og kasserar i den lokale sparebanken 1860-70, formann i skulestyret og formann i matrikkelkommisjonen i Vefsn.

Havig representerte Nordlands amt på Stortinget frå 1871, der han hadde sete fram til 1888. I perioden 1871-74 var han medlem av justiskomite nr 1. Frå 1875 vart han medlem av jarnbanekomiteen, formann i denne frå 1880 til 1888. 1874-76 var han sekretær i Odelstinget, deretter sekretær i Stortinget 1877-85. Han var medlem av riksretten 1883–84, ei tid som mellombels president. Lagtingspresident 1886-88.

I 1884 vart Havig medlem av den parlamentariske jurykommisjonen. Seinare, 1899-1905, medlem av riksskattekommisjonen.

Lokalt engasjerte han seg for at fleire leiglendingar skulle få høve til å kjøpe gardane dei dreiv, og han arbeidde for innføring av norsk opplæringsmål i skulen. Han var leiar av Vefsn skulestyre då det i 1900 gjorde vedtak om at skuleelvane skulle bruke lærebøker på nynorsk mål. Havig var mellom dei som i 1905 tala for at Noreg skulle verte republikk.

Christian Møinichen Havig døydde i 1912. C.M. Havigs gate i Mosjøen er oppkalla etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]