Christian Holm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christian Holm
Fødd26. januar 1783
Død11. september 1855 (72 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Christian Holm (26. januar 178311. september 1855) var ein dansk-norsk forvaltar, gardbrukar og stortingsmann, fødd i København.

Holm kom til Noreg i 1796, 13 år gammal. Han studerte bergkunne i både København og i Tyskland. I 1815 vart han forvaltar for Nes jarnverk sitt opplag i Tvedestrand, og var i tillegg gardbrukar i Holt.

Holm var 1. representant på Stortinget 1833 frå Nedenes og Robygdelagets amt. Han var medlem av Lagtinget, kyrkjekomiteen, komiteen om kjøpstadskatten og komiteen om ny bygningslov i Christiania.

Holm døydde i Tvedestrand i 1855.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914