Christian Kalvenes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christian Kalvenes
Personleg informasjon
Namn Christian Kalvenes
Fødselsdato 8. mars 1977 (35 år)
Fødestad Bergen i Noreg
Høgd 183 cm
Posisjon Venstreback
Klubbinformasjon
Spelar for Brann
Draktnummer 3
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1995–1997
1998–2000
2000–2003
2003–2006
2006–2008
2008–2010
2010–
Noreg Brann
Noreg Åsane
Noreg Sogndal
Noreg Brann
Skottland Dundee United
Flag of England.svg Burnley
Noreg Brann
1 (0)
45 (4)
67 (4)
11 (0)
48 (2)
27 (1)
26 (0)[1]

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 10. februar 2012.

Christian Kalvenes (fødd 8. mars 1977 i Bergen) er ein norsk fotballspelar som spelar venstreback for den norske klubben Brann.

Innhaldsliste

[endre] Klubbfotball

[endre] Tidleg karriere

Kalvenes spilte den første eliteseriekampen sin for Brann mot Ham-Kam 28. mai 1995. 10 år og éin dag etter spelte han den andre eliteseriekampen sin for klubben, mot Lyn 29. mai 2005.

I mellomtida spelte han for Åsane og Sogndal. Trass i at han var eit av Brann sine store talent på 1990-talet, klarte han aldri å etablere seg i A-lagstroppen. Etter fleire gode sesongar som midtstoppar i Åsane blei han henta til eit Sogndal-lag som kjempa om opprykk til Tippeligaen sommaren 2000. Der spelte han i hovudsak venstreback, og bidrog til at klubben vann kvalifiseringa mot Vålerenga same år på fleire skåra bortemål.

I dei neste sesongane var han eit sikkert val på Sogndal sin venstreback i tillegg til å skåre fleire mål på frispark. Han var også visekaptein i klubben den siste tida han var der. Før 2004-sesongen blei han henta tilbake til Brann, men der gjekk han stort sett skada fram til debuten i 2005. Ironisk nok var han tilbake frå skade omtrent samtidig som konkurrenten hans om venstrebackplassen, Erlend Hanstveit. Etter at Hanstveit blei skadefri, måtte Kalvenes finne seg i å vere andreval i Brann-forsvaret.

[endre] Dundee United

2. august 2006 gjekk Kalvenes til Dundee United for ein overgangssum på omtrent £50 000.[2] Kalvenes fekk debuten sin for Dundee United i bortekampen mot Rangers 5. august 2006. Kampen enda uavgjort, og Kalvenes skåra eitt av måla for Dundee United. Kalvenes skåra mot Rangers også i den siste kampen sin for Dundee United.

I 2007/2008-sesongen blei Kalvenes stemt fram som den beste venstrebacken i Scottish Premier League etter ein imponerande sesong.

[endre] Burnley

I juli 2008 fekk han ein 2-årskontrakt med Championship-klubben Burnley[3]. Med det valde han bort ein planlagd retur til heimlandet[4]. Kalvenes debuterte i ein ligacup-kamp som Burnley vann 12. august 2008, og fekk med seg 83 minutt av kampen før han blei bytt ut.[5]

25. mai 2009 spelte han heile kampen då Burnley slo Sheffield United 1-0 i Playoff-finalen på Wembley, noko som førte til opprykk til Premier League.

I overgangsvinduet i januar 2010 blei Christian Kalvenes samd med Burnley om å avslutte kontrakten på grunn av lite speletid. Kalvenes sitt mål var å spele for Brann, men Brann greidde ikkje å skaffe midlane som trengtest, og han var derfor klubblaus i ein liten periode.[6] Kalvenes sa i media at han håpa å finne seg ein klubb i neste overgangsvindu.

[endre] Brann

14. juni 2010 skreiv han under for Brann for tredje gong i karrieren. Han skreiv under ein kontrakt ut sesongen med opsjon på eitt år til. Han er meint som erstatning for Olafur Örn Bjarnason, som reiser heim til Island. Roald Bruun-Hanssen sa om signeringa: "Vi er veldig godt nøgd med å få denne avtalen på plass. Christian er ein lokal gut, som har bidrege positivt i klubben to gonger tidlegare. Han har gode personlege eigenskapar, og er ein anvendeleg spelar."

[endre] Fotnotar

  1. Norsk og internasjonal fotballstatistikk
  2. Engelsk side "Kalvenes heading through exit door at end of season". The Courier. 9. januar 2008. 
  3. Engelsk side BBC News: Burnley sign Norwegian Kalvenes
  4. Engelsk side Kalvenes calls time at Tannadice
  5. Norsk side "Kalvenes debuterte for Burnley i cupseier". Aftenposten. 12. august 2008. 
  6. bt.no Styret stoppet Kalvenes-retur til Brann
Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå bokmålswikipediaen 19. mars 2011.
Brann – spelarstallen 2012
Målmenn
Noreg 1 Jørgen Mohus
Noreg 12 Øystein Øvretveit
Flag of Poland.svg 24 Piotr Leciejewski
Island sitt flagg 33 Hannes Halldórsson
Forsvarsspelarar
Island sitt flagg 2 Birkir Már Sævarsson
Noreg 3 Christian Kalvenes
Noreg 4 Lars Grorud
Noreg 7 Hassan El Fakiri
Sverige 18 Markus Jonsson
Ungarn 21 Zsolt Korcsmár
Sverige 27 Erdin Demir
Midtbanespelarar
Jamaica 5 Rodolph Austin
Noreg 8 Fredrik Haugen
Noreg 10 Erik Mjelde
Noreg 14 Fredrik Nordkvelle
Noreg 22 Amin Askar
Noreg 23 Tomasz Sokolowski
Noreg 29 Kristoffer Barmen
Angrepsspelarar
Nigeria 9 Kim Ojo
Nigeria 11 Bentley
Senegal 17 Oumar Niasse
Noreg 30 Kristoffer Larsen
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk