Christian Magnus Falsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christian Magnus Falsen
none  Portrett av  Christian Magnus Falsen frå Eidsvoll 1814 måla av Christian Olsen.
Portrett av Christian Magnus Falsen frå Eidsvoll 1814 måla av Christian Olsen.
Fødd 14. september 1782
Kristiania
Død 13. januar 1830 (47 år)
Kristiania
Parti Sjølvstendepartiet[1]
Yrke Politikar, historikar, jurist og embetsmann
1. verv Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
2. verv Stortingsrepresentant
 - periode 1815-1817, 1818-1820 og 1821-1823[2]
3. verv Amtmann i Nordre Bergenhus amt
 - periode 1814-1822
4. verv Stiftamtmann i Bergen
 - periode 1825-1827
5. verv Høgsterettsjustitiarius
 - periode 1827–1830
Oscar Wergelands «Eidsvold 1814» kor Christian Magnus Falsen las opp Noregs Grunnlov under Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Måleriet var ei gåve til Stortinget i 1885.

Christian Magnus Falsen (14. september 178213. januar 1830) var ein norsk embetsmann, politikar og historikar. Han har fått tilnamnet «Grunnlovas far» for den rolla hans spela ved riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814, og vert halden for viktigaste bidragsytar til den norske grunnlova. Falsen var fødd i Kristiania (Oslo) og døydde der òg.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Christian Magnus Falsen var son av juristen Enevold Falsen. Frå han var ni år gammal voks han opp i København. Han byrja studere jus i 1798, bestod eksamen til cand. jur. i 1802. Ola Mestad meiner at Falsen og andre sentrale Eidsvollsmenn utdanna i København var påverka av den liberale professor Johan F. W. Schlegel, slik at Schlegels idear om næringsfridom, ytringsfridom og religionsfridom prega grunnlova frå Eidsvoll.[3] Same året tok han til som prøveprokurator ved Akershus stiftsoverrett, to år seinare utnemnd til ovverrettsprokurator. Falsen vart i 1807 utnemnd til advokat ved den dansk-norske høgsteretten i København. Ved forsvaret av København same året, tenestegjorde som kaptein i studentkorpset.

I 1808 vart Falsen sorenskrivar i Follo. Han busette seg då på garden Vollebekk i Ås.

Straks etter han vart kjend med Kielfreden, byrja Falsen og lektor Johan Gunder Adler i Fredrikstad på eige initiativ[4] å utarbeide eit utkast til norsk grunnlov. Utarbeidinga tok to dagar og føregjekk på Vollebekk. Utkastet vart gjort kjent for mellom andre Peder Anker, Georg Sverdrup og seinare for prins Kristian Frederik.

Falsen møtte på riksforsamlinga som 2. utsending frå Akershus amt. Frå 12. april 1814 var han formann for konstitusjonskomiteen på Eidsvoll, og sat som riksforsamlingas president 9.-16. mai. Falsen var leiande i sjølvstendepartiet saman med Georg Sverdrup. Han tok elles del i forhandlingane som i oktober 1814 førte fram til Mossekonvensjonen.

Straks etter, i 1814, vart Falsen amtmann i Nordre Bergenhus amt. Han vart vald til stortinget 1815-16 og på nytt i 1818 frå Nordre Bergenhus. Trass i at han budde i Bergen, vart det fyrste valet godkjent. Valet i 1818 vart ikkje godkjent. Heile si tid som amtmann i amtet var han busett i Bergen. Falsen vart vald til stortinget 1821, men då som representant frå Bergen. På tinget vart han vald til president, og var formann i ti av dei atten stortingskomiteane han deltok i.

I 1822 gjekk Falsen over i det nyoppretta embetet som generalprokurør, etter fyrst å ha motsett seg utnemninga. År 1825 vart han stiftsamtmann i Bergen.

Falsen vart i utnemnd til høgsterettsjustitiarius, eit embete han verka i einast nokre få veker våren og sommaren 1828. 12. juni 1828 vart han råka av slag og deltok sidan ikkje i retten.

Falsens hovudverk som historikar var Norges Historie som kom ut 1823–24 og omfatta norsk historie fram til 1319.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Christian Magnus Falsen frå Eidsvoll 1814
  2. Biografisk informasjon om Christian Magnus Falsen Norsk samfunnsvitenskapelig datatjenestes politikararkiv
  3. Klassekampen 4. juni 2013 s.27.
  4. Klassekampen 4. juni 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Christian Magnus Falsen