Christian Michelsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christian Michelsen
Peter Christian Hersleb Kjerschow Michelsen
none  Portrettfotografi av Christian Michelsen frå 1905Foto: Frederik Hilfling-Rasmussen
Portrettfotografi av Christian Michelsen frå 1905
Foto: Frederik Hilfling-Rasmussen
Fødd 15. mars 1857
Bergen
Død 29. juni 1925 (68 år)
Gamlehaugen i Fana ved Bergen
Nasjonalitet Norsk
Parti Høgre, Venstre, Samlingspartiet og
Frisinnede Venstre
Yrke Skipsreiar og jurist
Verv Statsminister i Noreg
 - periode 1905–1907
 - regjering Christian Michelsen si regjering
 - føregjengar Francis Hagerup
 - etterfylgjar Jørgen Løvland
3. verv Forsvarsminister
(fungerande)
 - periode 1907
 - regjering Christian Michelsen si regjering
 - føregjengar Wilhelm Olssøn
 - etterfylgjar Karl Friederich Griffin Dawes
4. verv Stortingsrepresentant
 - periode 1892-1894, 1904-1906
 - valkrins Bergen, Søndre Bergenhus Amt
Far Jacob Andreas Michelsen
Wikimedia Commons: Christian Michelsen

Christian Michelsen, fullt namn Peter Christian Hersleb Kjerschow Michelsen (fødd 15. mars 1857 i Bergen, død 29. juni 1925 på Gamlehaugen i Fana ved Bergen) var ein norsk politikar i Høgre, Venstre, Samlingspartiet og Frisindede Venstre, statsminister frå 11. mars 1905 til 28. oktober 1907 og skipsreiar.

I to periodar, fyst for Høgre, seinare for Venstre, var Michelsen borgarmeister i Bergen, før han gjekk inn i rikspolitikken.

Michelsen er særleg kjend for rolla han spela før og under unionsoppløysinga i 1905.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn og familie[endre | endre wikiteksten]

Michelsen var son av børskommissær og stortingsmann Jacob Andreas Michelsen og Caroline Sophie Erastine Kjerschow og var ein del av ein syskjenflokk på fem. Etter examen artium i 1875 flytta han til Kristiania og starta på jusstudiet. Han tok juridisk embetseksamen i 1879. Han etablerte eiga praksis i Bergen, men hadde som mål å bli politikar og økonomisk uavhengig. Michelsen stifta rederiet Chr. Michelsen & Co i 1882, året etter at han gifta seg med Johanne Benedicte Wallendahl (1861–1910).

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Kong Haakon VII kjem til Noreg med kronprins Olav på armen 25. november 1905. Statsminister Christian Michelsen ynskjer dei velkomen til landet. Biletet er tatt straks etter at kongen og fylgjet hans har gått frå det danske kongeskipet Danneborg i Drøbaksundet og over i K/S Heimdal, eit kommandofarty som seinare blei norsk kongeskip.
Foto: Frederik Hilfling-Rasmussen

Han var norsk statsminister frå 11. mars 1905 til 28. oktober 1907. I 1909 var Christian Michelsen ein av stiftarane til partiet Frisindede Venstre. Før dette representerte Michelsen Samlingspartiet og Venstre. Michelsen er fyrst og fremst kjend for rolla han spela før og under unionsoppløysinga i 1905. Han var i tillegg ein av dei største skipsreiarane i Noreg og mellom pionerane i norsk tankskipsfart. Han testamenterte det meste av den store formua si til eit fond som i 1930 gjorde det mogleg å etablera og driva Chr. Michelsens Institutt for Videnskab og Åndsfrihet.

7. juni 1905 vart unionen med Sverige oppløyst i ei undersetning (bisetning). Stortinget vedtok samrøystes at regjeringa fekk mynde til "at udøve den kongen tillagte myndighed i overensstemmelse med Norges riges grundlov og gjældende love - med de ændringer som nødvendiggjøres derved, at foreningen med Sverige under én konge er opløst som føge af, at kongen har ophørt at fungere som norsk konge".

Kong Oscar II hadde nekta å godkjenna konsulatlova som Stortinget hadde vedteke. Regjeringa søkte då om å gå av. Kongen nekta å godtaka søknaden av di det «er mig nu klart at nogen anden regjering ikke kan dannes». Michelsen meisla ut ei dristig løysing på unionsproblemet. Unionen måtte oppløysast, med ei formell grunngjeving.

Gamlehaugen[endre | endre wikiteksten]

I 1898 kjøpte Michelsen eigedomen Gamlehaugen, reiv den gamle bygninga og fekk reist den noverande ved arkitekt Jens Zetlitz Monrad Kielland. Etter Michelsens død i 1925 blei Gamlehaugen donert via ein folkegave til den norske stat og fungerer som kongebolig. Christian Michelsen og kona er gravlagde på Gamlehaugen.

Chr. Michelsens Institutt[endre | endre wikiteksten]

Michelsen var ein rik mann og heile formua skulle etter arvelova gå til borna Einar og Benny. Han arbeidde for å endre lova slik at det ved store formuar vart mogleg å redusere pliktdelen til livsarvingane til fordel for ålmennyttige føremål. I 1918 vart lova endra og Michelsen testamenterte hovuddelen (5,5 mill. kr. eller 114 mill. kr. etter 2012-kurs) av sin store formue til Chr. Michelsens fond, ei folkegåve oppretta i 1907. Avkastinga skulle gå til oppretting og drift av Chr. Michelsens Institutt for Videnskap og Åndsfrihet. Instituttet skulle «virke for kulturelt eller vitenskapelig arbeid til fremme av fordragelighet i religiøs, sosial, økonomisk og politisk henseende mellom de forskjellige nasjoner og raser». Instituttet vart oppretta i 1930.

Dekorasjonar[endre | endre wikiteksten]

Den 25. november 1905 vart Michelsen utnemnt til storkrossen av St. Olavs Orden og var frå same dato kanslar for dei kongelege norske riddarordener. Då hadde han stige i gradene frå ridder av 1. klasse (1896) over kommandør av 2. klasse (1898) til kommandør av 1. klasse frå 21. januar 1905. Michelsen var òg innehavar av medaljen for borgardåd i gull, 7. juni-medaljen og Kroningsmedaljen 1906.

Han fekk òg ei rad utanlandske dekorasjonar. Han bar storkors av Dannebrogordenen, av Æreslegionen og av Den røde ørnordenen (Prøyssen), var innehavar av 2. klasse av Sankta Annas orden (Russland), kommandør av 1. klasse av Nordstjerneordenen, og var innehavar av Den hellige skatts orden (Japan) og Den dobbelte drageorden (Kina).

Anna[endre | endre wikiteksten]

I Bergen vart det i 1938 reist ei 20 meter høg statue av Michelsen. Gustav Vigeland utforma statua. Statua står ved Festplassen. Festplassen er mellom anna sentrum for 17. mai feiringa i Bergen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]