Christian Reithmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk

Christian Reithmann (9. februar 18182. juli 1909) var ein tysk oppfinnar, kjent for at at han fann opp firetaktsmotoren, som han fekk patent på i 1860. Uavhengig av Reitmann fekk Alphonse Beau de Rochas i 1861 eit fransk patent på prinsippet for firetaktsmotoren.

Christian Reithmann arbeidde som urmakar i München då han i 1860 fekk fleire patent på firetaktsmotoren. Han bygde seinare ein firetaksmotor i urmakarvekstaden sin i München, med ein sylinderdiameter på 98 mm, ei slaglengd på 111 mm og eit turtal på 200 o/min. Motoren var ferdig før i 1873.

[endre] Patentkrangel og rettssak

Nikolaus August Otto fekk óg patent på firetaktsmotoren, i 1877, 17 år etter Reithmann. I 1884 vart det oppdaga at Reithmann og Beau de Rochas alt hadde patentert firetaktsmotoren, som da var sett i produksjon av Gasmotorenfabrik Deutz & Co., som Otto hadde stifta i 1869. Han hadde difor store økonomiske interessar i produksjonen og starta ei rettssak, som varte heilt til 1894. Patentet til de Rochas vart òg drege inn i rettsaka. Patentet til Otto var teke ut i namnet til Gasmotoren-Fabrik Deutz AG, så rettsaka heldt fram etter at Otto døydde i 1891. Deutz tapte rettsaka og retten oppheva patentet til Deutz.

Men Deutz betalte Reithmann 25.000 goldmark, pluss lønn på livstid, for ei skriftleg erklæring om at det var Otto som fann opp firetaktsmotoren. Deutz klarte å halda avtalen hemmeleg heilt til 1949, då han vart avslørt i ei bok om Otto [1].

[endre] Kjelde

  1. Langen, A., Nicolaus August Otto – der Schöpfer der Verbrennungsmotors, 1949.

[endre] Sjå òg

Personlege verktøy
På andre språk