Christian Tybring-Gjedde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Foto: FrPMedia

Christian Tybring-Gjedde (fødd 8. august 1963 i Oslo) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han vart valt inn på Stortinget frå Oslo i 2005, valt på nytt ved stortingsvalet 2009 og er medlem av finanskomiteen.

Tybring-Gjedde har ein bachelorgrad i Political Science frå Loyola University i Chicago i USA, i tillegg til ein mastergrad i International Studies frå University of Denver i Denver i Colorado. Før han vart valt inn på Stortinget jobba han som underdirektør i Forsvarsdepartementet, i avdelinga for økonomi og styring.

I 2003 vart Tybring-Gjedde valt inn i Oslo Bystyre, der han sat i Finanskomiteen. I perioden 2001 til 2004 var han politisk nestformann i Oslo FrP.

Tybring-Gjedde er sambuar, har tre born og bur på Smestad i Oslo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Christian Tybring-Gjedde