Christian Wilhelm Wisbech

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Christian Wilhelm Wisbech (fødd 7. oktober 1832 i Bergen, død 5. april 1897 i Horten)[1] var ein norsk marineoffiser og stortingsrepresentant for Høgre.

Wisbech blei fødd i Bergen som son til dåverande stasfysikus Christian Wisbech og kona Alida Brunchorst. Han gifta seg med Thora Heiberg.[1]

Wisbech var kaptein i Den norske marinen. Han blei valt inn på Stortinget i 1883 og 1889 som representant for Jarlsberg og Larviks Amt. Også for perioden 1886-88 vart han vald til stortingsmann, men dette valet var forkasta med 73 røsyer mot 35.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 ofstad.info
  2. Christian Wilhelm Wisbech – Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste (NSD)