Christiania Theater

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christiania Theater på Bankplassen på ein gouache av arkitekten, Christian H. Grosch

Christiania Theater var eit teater i Oslo som låg på Bankplassen ved Akershus festning. Det vart teikna av arkitekt Christian H. Grosch og opna den 4. oktober 1836 med skodespelet Kong Sverres Ungdom av Andreas Munch. Trass i det nasjonalromantiske stykket, var alle skodespelarane danske. Dette vart etter kvart eit stridstema på teateret, og det toppa seg ved det store teaterslaget, «Campellerslaget» i 1838, da gruppene kring Henrik Wergeland og Johan Sebastian Welhaven stod mot kvarandre.

Teateret hadde da sett opp stykket Campbellerne eller den hjemkomne Søn av Wergeland. Dette førte til ein veldig pipekonsert og etter kvart slagsmål i teateret.

Striden gjekk på om ein skulle bruke norske skodespelarar for å fremme det norske språket, eller om ein skulle bruke danske skodespelarar fordi dei var betre skolerte og det danske språket var tilstrekkeleg etablert i Noreg.

Ettersom teateret vart meir etablert, kom det stadig fleire norske skodespelarar inn i staben og «blanda ut» det danske innslaget; blant desse var Johannes Brun og Laura Gundersen. I 1856 lova leiinga å ikkje engasjere fleire danske skodespelarar, men da løftet ikkje vart halde vart det nye pipekonsertar, og Bjørnstjerne Bjørnson støtta dei opprørske tilskodarane. Uro vart det i 1873 òg, da svensken Ludvig Josephson vart leiar — utlendingar var ikkje velkomne. Også her skal Bjørnson ha vore blant iscenesettarane for pipekonsert og demonstrasjonar.

Men det var Josephson som i 1876 sette opp Peer Gynt, og det var han som gjorde dette stykket til ein stor suksess etter at det hadde lege lenge av di andre meinte at det ikkje eigna seg for scena.

Medan teateret framleis spela Peer Gynt, braut det ut brann den 15. januar 1877, og denne brannen øydela dekorasjonane til stykket. Skadane etter brannen vart snøgt utbetra, og Christiania Theater fungerte som eit slags nasjonalteater fram til Nationaltheatret vart bygd. Nationaltheatret vart innvigd den 1. september 1899.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Næss, Trine: Christiania Theater forteller sin historie : 1877-1899, Novus forlag, 2005 ISBN 82-7099-427-8